Norsk senter for utvekslingssamarbeid (Norec – tidlegare Fredskorpset) er eit statleg forvaltningsorgan under Utanriksdepartementet og er ein verdibasert arbeidsplass med engasjerte og kunnskapsrike kollegaer i eit dynamisk miljø. Hovudoppgåva til Norec er forvaltning av tilskot til internasjonale partnarskap som jobbar med utveksling av frivillige og tilsette.
I 2019 var 200 organisasjonar og verksemder frå 24 forskjellige land involvert i 90 ulike partnarskap. Til saman utveksla desse partnarskapa 650 menneske mellom land i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Norge. Som Norec skal vi bygge opp eit nasjonalt kompetansesenter for utveksling, nettverksbygging og utvikling av unge leiarar.
Stillingsbeskrivelse
No ønskjer vi å ha ein trainee innan internasjonal utvikling med på laget. Er du klar for å jobbe med internasjonale spørsmål frå Førde? Vi søker nysgjerrige og kunnskapslystne nyutdanna som vil vere med å utvikle Norec til eit nasjonalt kompetansesenter for internasjonalt utvekslingssamarbeid.
Som trainee i Norec vil du
- Jobbe med tilskotsforvaltning, kursverksemd, nettverksbygging og kommunikasjon
- Jobbe tett på flinke og dedikerte fagfolk som brenn for sine felt
- Få ei unik forståing av både styring av ei statleg verksemd, og utveksling som et utviklingspolitisk verktøy på den internasjonale arenaen
Du har
- Relevant høgare utdanning
- Svært gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Andre språk vil vere ein fordel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig, med god prioriteringsevne
Vi kan tilby deg
- Ei spanande moglegheit til å være med på å utvikle Norec; eit kompetansesenter for utvekslingssamarbeid
- Personleg og fagleg utvikling
- Eit godt arbeidsmiljø med positive og ambisiøse kollegaer
- Gode velferdsordningar og fleksibel arbeidstid
- Trening i arbeidstida
Som Framtidsfylket Trainee får du
- Ein spennande jobb og eit nettverk med andre trainear i bedrifter i Sogn og Fjordane
- Fagleg og personleg utvikling
- Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
- Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
Felles krav til alle som søkjer stilling som Framtidsfylket Trainee
- Minimum bachelor eller mastergrad
- Maksimalt tre års arbeidserfaring etter endt studie
- Norsk som arbeidsspråk – munnleg og skriftleg
Kontaktperson: Morten Rørvik (send epost), tlf 910 05 509.
Tilsetting: August 2020 til august 2021. Stillinga er lønna etter stillingskode 1429 Aspirant.