Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Grøn konkurransekraft i Bjørnafjorden

januar 24 | 14:00 - 19:00

Arrangøren skriver:

Med eit klima i endring blir fleire og fleire verksemder utfordra til å tenkje grøn omstilling. Grøn konkurransekraft handlar om å auke verdiskapinga samtidig som klima- og miljøbelastninga blir redusert.

Men korleis kan ein tenkje miljø samstundes som ein aukar verdiskaping i eiga verksemd?

Fylkesvaraordfører Natalia Antonia Golis, ordførar i Bjørnafjorden kommune Trine Lindborg, leiar for Klimapartnere Vestland, Helene Frihammer og fleire andre spennande foredragshaldarar kjem for å formidla moglegheiter som ligg i grøn konkurransekraft. Det vil og bli offisiell lansering av innovasjonsprosjektet «Grøn Bjørnafjord».

Velkommen til arrangementet «Grøn konkurransekraft i Bjørnafjorden» i Oseana Kunst- og kultursenter!

Arrangementet er gratis og ope for alle som ønskjer fagleg påfyll, og innsikt i årets fyrtårnprosjekt innan grøn konkurransekraft.

Påmeldingsfrist er 24. januar. Sjå påmeldingslink for fullt program.

Spørsmål? Ta kontakt med næringssjef Elin Bryn Thorsen
Mail: elbt@bjornafjorden.kommune.no

Detaljer

Dato:
januar 24
Tid
14:00 - 19:00
Kategorier for Arrangement:
,
Hjemmeside:
https://www.facebook.com/events/s/gr%C3%B8n-konkurransekraft-i-bj%C3%B8rna/452904078930483/

Arrangør

Bjørnafjorden kommune

Sted

Oseana kunst- og kultursenter
Mobergsbakken 20 5200 + Google-kart
Telefon:
Osøyro