Mindre mangfald betyr auka sårbarheit. Dette blir forsterka av at den globale matproduksjonen er tufta på stadig færre plantesortar og husdyrrasar.
– Til saman rokkar desse faktorane ved sjølve grunnlaget for matsikkerheit, seier generalsekretær i FNs mat og landbruksorganisasjon FAO, José Graziano da Silva, i ei pressemelding.
Han uttaler seg i samband med at FAO-rapporten The State of the World’s Biodiversity for Food and Agriculture nyleg vart lagt fram i Roma.
Statusrapporten om verdas biologiske mangfald og matproduksjon er den første i sitt slag. Han er blitt til gjennom kunnskap innhenta frå 91 medlemsland og 27 internasjonale organisasjonar, i tillegg til innspel frå 175 fagfolk verda rundt.
Viser at alt liv heng saman
Allereie i 2015 leverte Norsk genressurssenter sitt bidrag til FAO-rapporten som no ligg føre.
– Noko av det viktigaste med den samla rapporten er at han så klart viser korleis alt livet på jorda heng saman, og kor lite vi veit om statusen for mikroorganismane som all matproduksjon er avhengig av, seier Nina Sæther. Ho er leiar av genressurssenteret og ansvarleg for det norske bidraget til FAOrapporten.
Hittil har ein vurdert status og truslar mot husdyr-, skog-, akvakultur- og planteproduksjon kvar for seg. Når desse produksjonane no er samla i ein felles rapport, kjem felles utfordringar fram.
Dei ulike produksjonane er gjensidig avhengig av kvarandre. Dessutan er dei avhengige av det assosierte biologiske mangfaldet, ‘limet’ som held saman alt levande, og som myriadar av mikroorganismar er ein viktig del av. Det er mikrolivet som held jorda dyrkbar, reinsar vatn og vernar husdyr og avlingar mot smitte og utøy.
Andre deler av det assosierte biologiske mangfaldet er pollinatorar, kantvegetasjon, sopp, ville bær, ville fuglar og dyr.
– Vi treng mangfaldet for å vere førebudd i møte med det ukjende. Vi veit ikkje kva utfordringar som ventar oss, legg til Sæther til.
Mangfald = berekraft
Folkeauke, urbanisering, arealendringar, forureining og intensivt jordbruk er mellom dei viktigaste årsakene til tap av biologisk mangfald. Generalsekretær da Silva uttrykker det slik:
– Biologisk mangfald er avgjerande for å sikre global matforsyning, ernæring og levebrød, og for å sikre at menneske og samfunn er robuste. Mindre mangfald betyr auka risiko for smitte og sjukdomar.
– Vi må utnytte krafta i det biologiske mangfaldet til å møte aukande klimautfordringar og produsere mat utan å skade miljøet, seier han.
Da Silva peikar på at det no er veksande interesse for matproduksjon på nye måtar, der miljøvennlege dyrkingsmetodar og biologisk mangfald står sentralt.
– Biologisk mangfald kjem oftare opp på den politiske agendaen internasjonalt. Denne politiske merksemda må gjerast om til handling, poengterer generalsekretæren.
Framleis er det mykje vi ikkje veit om biologisk mangfald, men treng meir kunnskap om. Særleg gjeld det mikroorganismar og virvellause dyr.
Ansvar for mikrolivet
Den norske biomangfald-rapporten fekk tittelen Bevaring gjennom bruk er bedre enn bare bevaring. Nina Sæther ser mange likheitstrekk mellom vår nasjonale rapport og den globale:
– Mellom anna vektla også vi i vår rapport behovet for tettare oppfølging av «det vesle livet», mikroorganismar og virvellause dyr, seier ho.
– Bakteriar, sopp og virus; insekt og virvellause dyr i jord – dei er heilt nødvendige i alle økosystem. Men vi veit lite om statusen til desse ressursane, kven dei er, kva dei står for og korleis samspelet er mellom ulike artar.
Det finst i dag ingen genbank eller strategiar for å ha ein sikringskopi av desse ressursane.
Eit av forslaga til oppfølging i den nasjonale mangfaldsrapporten er å utpeike ein institusjon som kan ta ansvaret for bevaring av artane i det assosierte biologiske mangfaldet.
– Skal ein sikre desse artane for framtida, er det naudsynt at nokon får tildelt ansvar og ressursar til å ta tak i desse viktige oppgåvene.
FAKTABOKS
- 9 planteartar står for 2/3 av verdas planteproduksjon
- Av verdas rundt 6 000 ulike matplanter, er færre enn 200 blant dei som bidrar vesentleg til samla global produksjon
- 1/3 av verdas planteavlingar til mat treng pollinatorar – det vil seie insekt eller dyr som flytter pollenkorn (blomsterstøv) frå hannblomar til hoblomar
- 40 artar står for verdas samla husdyrproduksjon – det vil seie dyr som gir mjølk, egg, kjøt, lær og pels
- Av 7 745 ulike husdyrrasar i verda, er 26 prosent trua av utrydding
- 1/3 av verdas fiskestammer er overbeskatta. Halvdelen er nær trua av utrydding.
- 1/4 av pollinerande insekt i Noreg er oppført på den norske rødlista – det vil seie at dei står i fare for å bli utrydda
Matjordreduksjon – eit globalt trugsmål
– «Land use change» er arealendringar der jorda blir brukt til andre føremål enn grøn produksjon. Typisk handlar dette om vegar, bygningar og byutvikling. Arealbruksendringar er ein alvorleg trussel mot det biologiske mangfaldet globalt, kommenterer genressursleiaren.
Sæther forklarer at arealendringar også handlar om at jordbruksland endrar karakter, til dømes når einingane blir større og kantsoner og bekkefar blir fjerna. Med slike endringar forsvinn leveområde for mykje av det assosierte biologiske mangfaldet.
– På bakgrunn av slike faktorar er jordvern viktig for alle i verda. Vern av matjord er ikkje berre noko vi i Noreg med våre tre prosent dyrka areal skal vere opptatt av, avsluttar Nina Sæther.
Hovudfoto: Pixabay.
Denne artikkelen vart fyrst publisert på NIBIO sine heimesider. Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) forskar og leverer kunnskap om mat- og planteproduksjon, miljø, klimasmart landbruk, kart, arealbruk, genressursar, skog, ressursforvaltning og landbruksøkonomi.