DDT vart nytta av fruktdyrkarar i Hardanger. Biletet er frå Norheimsund. Foto: Jan Aril Sivertsen, Wikimedia Commons / Creative Commons Attribution-Share Alike 3.0 Unported.
Ledige stillinger

Ein ny rapport viser framleis relativt høge konsentrasjonar av DDT i blåskjel i Sørfjorden, men det skal ikkje vere fare for mattryggleiken.

Det er Statsforvaltaren i Vestland som melder dette, og det er Havforskningsinstituttet som har utarbeidd rapporten

Frå 1945 fram til 1970-talet er det estimert at det vart brukt om lag 400 000 tonn DDT årleg som insektsmiddel på verdsbasis, ifølgje Statsforvaltaren. I Hardanger har det vore estimert eit forbruk av 14 tonn DDT totalt. Nedbrytinga av DDT skjer sakte, og spesielt langsamt i eit så kaldt klima som i Noreg. DDT går inn i næringskjeda og forårsakar reproduksjonsproblem for blant anna store rovfugl. 

Ein amerikansk soldat vert spraya med DDT
Foto: SNL/CDC (amerikansk folkehelseinstitutt). Public domain.

DDT vart forbode i ei rekke land frå 1970 talet, og internasjonalt gjennom Stockholmkonvensjonen i 2004. I Noreg vart DDT forbode i 1970, med unntak for dypping av granplanter for bekjemping av gransnutebille ved skogplanteskulane. Dette vart også forbode frå og med 1989.

DDT har blitt utbreidd over heile kloden. Framleis vert det nytta som insektmiddel i enkelte tropiske regionar. DDT fins i næringsmiddel og kan påvisast i vev hos alle organismer.

– Nokre høge nivå, men mattryggleiken er ikkje svekka

I Sørfjorden og Hardangerfjorden har det vore relativt tett overvaking sidan 1979 gjennom ulike statlege program. Overvakinga har vist at nivåa av DDT har variert mykje mellom stasjonar i Sørfjorden, men òg mellom år.

I 2021 vart ei slik overvaking gjennomført av Havforskningsinstituttet på oppdrag frå Statsforvaltaren. DDT vart undersøkt i blåskjel frå 28 lokalitetar i Sørfjorden, i tillegg til at blåskjel vart undersøkt på referansestasjonar i andre fruktdyrkingsområde i Hardangerfjorden og Sognefjorden.

Dei høgaste verdiane vart målt i Sørfjorden (60,1 µg/kg våtvekt), med ein gjennomsnittskonsentrasjon på 13,1 µg/kg våtvekt. Dei høgaste verdiane blei målt ved Espe, Indre Aga og ved Trones.

I Hardangerfjorden utanfor Sørfjorden var gjennomsnittskonsentrasjonen 3,44 µg/kg våtvekt, og for Sognefjorden var den 3,06 µg/kg våtvekt. Nivåa er godt under miljøkvalitetsstandarden på 610 µg/kg våtvekt, noko som indikerer at nivåa ikkje er høge nok til å påverke økosystemet nemneverdig, ifølgje Statsforvaltaren.

Dei DDT-nivåa som er målt i blåskjela har heller inga betydning for mattryggleiken, skriv Statsforvaltaren, som seier det ikkje er grunnlag for å konkludere med ei spesifikk kjelde ut frå resultata. Dei jamt forhøga nivåa tyder heller på at forureining som skuldast tidlegare DDT-bruk ligg bunde i jordsmonnet og blir transportert ut i fjorden ved avrenning, heiter det.