Magne Vaagsland er leiar for Naturvernforbundet i Trøndelag. Foto: Privat.

Høyringsrunden: Magne Vågsland


Naturpress stiller nokre faste spørsmål til menneske som på ein eller annan måte er knytt til miljøfeltet. Magne Vågsland er leiar for Naturvernforbundet i Trøndelag.


– Kva er den første nyhetskjelda du sjekkar om morgonen?

Statnett si oversikt på kraftflyt og pris. (Etter gjennomgang av Adresseavisen og Klassekampen på papir)

– Har du lese ei bok nyleg som har gjort inntrykk på deg?

– «Den dagen Nils Vik døde», av Frode Grytten

– Kva har gleda deg mest på miljøfronten det siste året?

– At stadig fleir set ord på at me må stå opp mot naturtap og forstår meir av galskapen med vindkraftutbygging i område utan tidlegare inngrep.

– Kva har bekymra deg mest?

– Ukritisk syn på forbruk og økonomisk vekst.

– Kva jobbar du mest med akkurat nå?

– Naturvernforbundet i Trøndelag, vindkraft, motorveg, oppdrett, snøskuter, flathogst, ++.

– Kven ville du ha teke ein miljøalvorsprat med?

– Jonas Gahr Støre.

– Skal vi ha ulv i form av levedyktige flokkar i Noreg?

– Ja.

– Trur du Noreg når klimamåla for 2030 (minst 50 % reduksjon, opp mot 55 %, målt mot 1990)?

– Nei.

– Kven er best eigna til å stanse naturtapet i Norge – staten eller kommunane?

– Vanskeleg spørsmål. Uansett må folket stå opp mot naturtapet, og me må ikkje godta at fattige kommunar har rett til å selje naturverdiane.

– Bør Noreg setje ein sluttdato for olje- og gassutvinninga? I så fall, når?

– Nei, men få ein plan for utfasing og reduksjon i bruk av fossil energi.


- Annonse -
Vil du annonsere her?