NVE skal lage forslag til nasjonal ramme for vindkraft på land

- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

NVE har fått i oppdrag av Olje- og energidepartementet (OED) å lage eit forslag til ei nasjonal ramme for vindkraft på land.

Arbeidet skal gjerast i samarbeid med andre etatar, og forslaget skal leverast til OED 31. desember i år.

Den nasjonale ramma skal omfatte:

  • Eit oppdatert kunnskapsgrunnlag om verknadar for miljø og samfunn
  • Eit kart med oversyn over dei mest eigna vindkraftområda i Noreg.

Arbeidet med identifisering av dei mest eigna områda foregår i fleire steg.

NVE opplyser at dei no er ferdige med det første steget, og har publisert eit kart med såkalla «harde eksklusjonar». Dette kartet gir ei oversikt over område der det ikkje er aktuelt å byggje vindkraftverk, og er i hovudsak ei konstatering av kva for område som har for lite vind eller som er formelt verna mot vindkraftutbygging.

Kartet gir eit grunnlag for dei neste stega i arbeidet med den nasjonale ramma.


 

- Annonse -