Frontrunner Publishing
Frontrunner Publishing

Ny plan for å stogge utbreiing av framande artar i Norge

Villsvin høyrer ikkje heime i Norges fauna. Foto: Pixabay.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

– Framande skadelege artar er ein av dei største trugsmåla mot naturmangfaldet på verdsbasis og i Noreg. Difor kjem regjeringa no med ein tiltaksplan for nedkjemping av framande skadelege artar for å betre tilstanden til norsk natur, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Klima- og miljødepartementet legg til grunn at framande artar stadig breier om seg i Noreg og skadar naturmangfald, friluftsliv, naturbaserte næringar og økonomi.

Målet med den nye tiltaksplanen som nå leggast fram er å redusere den negative påverknaden frå framande skadelege artar i Noreg.

Dette skal skje gjennom auka innsats og styrka samarbeid mellom dei ulike arealforvaltarane dei neste fem åra, heiter det i ein post på KLDs heimesider. Sektorane skal styrke arbeidet med varsling og innføring av tiltak ved funn av nye artar. For dei artane som allereie har etablert seg i norsk natur, er det viktig at vi har god kunnskap om artane og korleis vi skal kontrollere eller nedkjempe dei, skriv KLD.

28 tiltak

Departementet understrekar at eit viktig tiltak i planen blir å finne måtar å redusere risikoen for at uønska artar fylgjer med, eller klarar å spreie seg vidare i Noreg. Blindpassasjerar ved import av plantar, er til dømes ein viktig årsak til at nye planter etablerar seg. Her må ein sjå om regelverket bør endrast, meiner departementet.

Planen inneheld tilsaman 28 tiltak, og dei fleste tiltaka skal gjennomførast i samarbeid mellom to eller fleire sektorar. Ei direktoratsgruppe med deltakarar frå dei ulike sektorane skal ta seg av det praktiske arbeidet. Sektorane, som spenner frå landbruk og fiskeri til kommunal, energi og miljø, skal saman finne ut kva artar som skal bli prioritert og kva for tiltak som skal settast inn mot dei.

Lovar at tiltaka kjem raskt i gang

Nokre artar har i ei tid hatt eigne handlingsplanar, til dømes stillehavsøsters, villsvin (biletet) og mink.

– Regjeringa skal i løpet av fem år setje i verk tiltak som skal redusere den negative påverknaden frå framande skadelege artar i Noreg. Målet er ambisiøst og eg vil sørge for at planen blir følgd opp og at tiltaka kjem raskt i gong, seier statsråd Rotevatn i innlegget.


 

- Annonse -