Norge og Brasil skal styre nytt regnskogsfond. Modell: Oljefondet

Brasil og Norge skal leie arbeidet med det nye internasjonale fondet for regnskogen. Det vart annonsert i Washington D.C. torsdag.

Del denne artikkelen:

Merk deg navnet fyrst som sist: Tropical Forest Forever Facility, med akronymet TFFF, som truleg er litt lettare å hugse.

– Å ta vare på regnskogen er det mest effektive klima- og naturtiltaket Noreg kan gjere internasjonalt. Noreg har unik erfaring med å jobbe med regnskog, og eg er glad for at vi, ilag med Brasil, skal leie arbeidet med det nye fondet, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen i ei pressemelding fredag.

Tropical Forest Forever Facility (TFFF) skal ifølgje KLD vere den største satsinga for internasjonalt samarbeid om regnskog sidan Noreg lanserte si regnskogsatsing for 18 år sidan.

Brasil er initiativtakar til TFFF.

Fondet skal sikre finansiering til å ta vare på regnskogen i generasjonar framover, heiter det. TFFF vart lansert under klimatoppmøtet COP30 i Brasil i november 2025.

Statsminister Jonas Gahr Støre annonserte eit norsk lånebidrag på inntil 30 milliardar kroner på visse vilkår, blant anna tilstrekkeleg finansiering frå andre.

Brasil og Norge får leiarrollene i det som er blitt kalla «regnskogens oljefond». Det annonserte utviklingsminister Åsmund Aukrust på et ministermøte om TFFF i samband med Verdsbankens vårmøte i Washington D.C. torsdag.

– Det er ein styrke at land frå ulike verdsdelar leiar fondet saman, slik Brasil og Noreg skal gjere. Å ta vare på tropisk skog er dobbelt viktig, både som klimatiltak og for å ta vare på eit uerstatteleg biologisk mangfald. Det er viktig for oss at dette arbeidet lukkast i det som elles er krevjande tider for internasjonalt samarbeid, seier utviklingsminister Åsmund Aukrust.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen vil også følge opp dette arbeidet under eit ministermøte for klima i Tyskland 21.-22. april, den såkalte Petersbergdialogen.

Uavhengig av bistand – på sikt

Konseptet til TFFF er at Noreg og dei andre samarbeidslanda skal jobbe for å få private til å investere gjennom eit fond som skal gi avkasting.

” Litt på same måte som det norske oljefondet”, skriv KLD i pressemeldinga

Delar av denne avkastinga skal gå til land som tek vare på regnskogen sin. Fordi det er snakk om avkasting frå eit langsiktig fond, vil fondet bli uavhengig av bistandsmidlar på sikt.

Bidrag på over 65 milliardar kroner til fondet vart annonsert på COP30 frå Brasil, Indonesia, Tyskland, Frankrike og Noreg. Målet er å nå 100 milliardar kroner innan utgangen av 2026.

Det langsiktige målet er at fondet skal ha ein kapital på 1 250 milliarder kroner, ifølgje pressemeldinga, som avsluttar slik:

“Noreg si rolle blir å ha delt styreleiaransvar (co-chair) saman med Brasil, som tok initiativ til TFFF. Som delt styreleiar vil Noreg, samen med Brasil, i første omgang jobbe med å få etablert TFFF, og bidra til å mobilisere penger til fondet. Det vil ta nokre år før fondet gir avkasting.” 

Del denne artikkelen:

Lignende artikler

FØLG

2,065FansLik
732FølgereSosiale medier
1,652FølgereSosiale medier
- Annonse -spot_img

SISTE NYTT