Frontrunner CMS
Frontrunner CMS

Næringsministeren stiller på folkemøte i Kvalsund om gruvedrift

Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen deltek måndag 8. april på folkemøte i Kvalsund om oppstart av koparutvinning i kommunen, melder Nærings- og fiskeridepartementet.

Bakgrunnen er at Nussir ASA 14. februar 2019 fekk løyve til utvinning av Repparfjord koparforekomst i Kvalsund kommune.

«Næringsminister Torbjørn Røe Isaksen vil snakke om gruveetableringas betydning for Finnmark og Norge, og korleis utvinning av kopar bidreg i det grøne skiftet», heiter det i førehandsmeldinga. Det vil også bli presentasjonar av Nussir ASA og DNV-GL. Til slutt blir det tid for spørsmål og debatt.


 

- Annonse -
Vil du annonsere her?