Gaute Eiterjord, tidlegare leiar i Natur og Ungdom. Nå har han skrive bok. Foto: Kjetil Aasmundsson, Naturpress.
- Annonse -

Tittelen i artikkelen er undertittel til Gaute Eiterjords bok «Klimaopprøret», som nettopp er lansert.

Eiterjord gjekk av som leiar i Natur og Ungdom tidleg i januar. Han sette eit tydeleg og personleg stempel på klima- og miljøarbeidet til organisasjonen i sin styringsperiode.

Som det står i forfattarpresentasjonen i boka, var han også ein av dirigentane bak skulestreikane og klima- søksmålet mot staten. Saman med Greta Thunberg fekk han i 2019 på vegner av NU, Fritt Ords pris for arbeidet med å gjere miljøkampen handlingsretta.

Skjermdump, Aschehoug.

I boka han har skrive, tek han naturleg nok fatt i den største miljøsaka i dag, dei globale klimaendringane som følgjer av karbonutsleppa våre. Han skriv blant anna dette i innleiinga til boka:

«Kva svarer du når du skulkar skulen for å streike og alle heller vil snakke om fråværsgrensa enn togradersmålet? Korleis får du onkelen din til å forstå at det er mogleg å ønske seg julegåver og artsmangfald samtidig, og korleis ligg eigentleg Noreg an i arbeidet med å kutte utslepp?

Mens eg har skrive denne boka, har verda vore i ein surrealistisk situasjon, der det normale samfunnet har brote saman på grunn av koronaviruset. I skrivande stund er det ikkje mogleg å seie korleis det vil utvikle seg. Men pandemien har vist at samfunnet kan gjennomgå drastiske endringar raskt når det trengst. Politikarar kan vere handlekraftige og innføre kraftige tiltak når saka er viktig nok. Ikkje minst har vi sett kor viktig det er at styresmakter behandlar ei krise som ei krise – og at dei lyttar til fagfolk og set inn kraftige nødstiltak for å ta vare på dei svakaste i samfunnet. Vi klarte det for korona. Då kan vi klare det for klimaet òg.»

Forfatter Maja Lunde har skrive forordet til boka. Slik opnar det:

- Annonse -

«Jeg vet at jeg skulle ønske jeg var stoltere av Norge. At vi brukte oljemilliardene våre på fremtiden i stedet for å disponere pengene på samme vis som vi alltid har gjort. At Norge, som har tjent alle pengene våre nettopp på fossilt brensel, tok ekstra ansvar. Både fordi det er det moralsk riktige å gjøre, og fordi vi kan. Vi er et lite land uten for mange bindinger, og endring er enklere her enn mange andre steder. Jeg skulle ønske vi tok på oss den globale grønne ledertrøya, fordi det er det tryggeste, det mest ansvarlige, å gjøre. Fordi vi allerede i dag rammes av tørke og flom, som koster oss enormt mye. Fordi vi må tenke nytt.»

Slik tvitrar Eiterjord sjølv om bokutgjevinga si:

Boka er å få kjøpt i både papirutgåve og som ebok.


- Annonse -
Vil du annonsere her?