Eiterjords avgangstale: Iskanten er viktigaste sak nå, men lovar bråk om Repparfjord

766
Gaute Eiterjord, avtroppande leiar i Natur og Ungdom under landsmøtet som pågår i Fredrikstad nå. Foto: Thor Due/Natur og Ungdom.

Landsmøtet i Natur og Ungdom pågår i Fredrikstad, og avtroppande leiar Gaute Eiterjord har oppsummert sigrar og tap.

Medan dommen i klimasøksmålet – saka som har dominert arbeidet hos både NU og Greenpeace i lengre tid – ligg bare nokre få dagar unna, lyfte Eiterjord i landsmøtetalen sin fram det han meiner blir den nye store saka for Natur og Ungdom i 2020, fastsetjinga av iskanten i Barentshavet.

Definisjonen av iskanten vil få innverknad på dei operasjonelle grensene som oljeselskap som skal drive med oljeleiting der, må ta omsyn til. Ei eventuell ny grense vil kunne opne opp for nye leiteområde. Før påske skal regjeringa legge fram ein revidert forvaltningsplan for Barentshavet. Det er der ein vil sette grensene for kor langt nord ein skal ha oljeverksemd.

Gaute Eiterjord slo i talen sin fast at NUs krav er at Barentshavet Nord må vernast, og at iskantsonen må flyttast sørover i tråd med miljøfaglege råd. «Det kan ikkje vere aktuelt med noka meir oljeleiting i dette området», sa Eiterjord.

Annonse

– Dette blir den viktigaste miljøsaka i vår. Det er eit verdispørsmål om ein skal sikre sårbar natur, og hindre meir klimafiendtleg oljeboring, eller la oljelobbyen igjen få alt dei peikar på, sa Eiterjord.

Har ikkje gjeve opp Repparfjord

Han kom også inn på ei stor, tapt sak frå 2019. Regjeringa gav i haust løyve til å starte gruvedrift i Repparfjord, med påfølgjande dumping av 30 millioner tonn giftig gruveslam i fjorden, og Eiterjord kalla det ein svart dag då dette vart klart.

Trass i vedtaket, signaliserte han likevel at kampen ikkje er over. Han viste til at meir enn 2.000 personar har skrive under på å aksjonere med sivil ulydigheit, og planar er lagt for korleis dette skal skje.

«Me har sagt det før, og me seier det igjen: Viss den gruva blir bygd så lovar me eit helvete!», var Eiterjords bodskap til landsmøtet.

Nå festar han og andre NU-folk eit håp til at det ser ut til å vere manko på investorar hos entreprenøren Nussir.

– Siste ord i saka er på ingen måte sagt. Nussir manglar investorar, og nå skal me få alle som vurderer å putte pengane sine i den gruva til sjå kva slags motstand som i så fall ventar. Regjeringa har svikta oss, men det er ennå mogleg å utsette prosjektet lenge nok til at politikarane innser at det ikkje er nokon skam å snu, sa Gaute Eiterjord.

Landsmøtet i NU tok til i dag, 5. januar, og varer til og med 8. januar. Therese Hugstmyr Woie er innstilt som ny NU-leiar etter Gaute Eiterjord.