Illustrasjon: Samlaget.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Den 12. august kjem dei to første bøkene i «Klodeklubben» – ein heilt ny spenningsserie om miljø og klima for barn i alderen 6–9 år.

Serien er skriven av Ruth Lillegraven, og inneheld ein bonusdel med miljøfakta frå Aftenpostens miljøjournalist Ole Mathismoen. Bøkene er illustrert av Jens Kristensen, opplyser forlaget Samlaget i ei pressemelding.

Hovudpersonane er Vanja, Sivert og Mo som bur i ei lita bygd på Vestlandet. Dei er på jakt etter miljøskurkar, for dei finst overalt, også i ei lita bygd på Vestlandet.

Og då kan mystiske ting skje.

Den første boka heiter «Dei svarte svanene». Ein båt krasjar i kaia utanfor fabrikken, og Vanja, Sivert og Mo oppdagar oljesøl i fjorden.

Dei kvite svanene har fått svart olje på seg. Stammar olja frå båten, eller forureiner nokon fjorden med vilje?

I den andre boka, «Hytta som forsvann», blir fleire av dyra på garden til Vanja sjuke. Samtidig skjer det noko med den tomme hytta i skogen, der Vanja og Sivert alltid har leika. Ein dag blir ho riven, og søppelet flyt rundt i naturen. Kven er det som riv gamle hytter og bygger nye? Og kven er det som kastar frå seg avfall som dyra tar skade av?

Ruth Lillegraven (f. 1978) har sidan debuten i 2005 skrive ei rekkje bøker i mange sjangrar, for både barn og vaksne. I 2013 vann ho Brageprisen for diktsamlinga Urd. Også dei to diktsamlingane hennar for barn, Eg er eg er eg er (2016) og Skogen den grøne (2018) blei nominerte til fleire prisar.

Jens Kristensen (f. 1975) er illustratør og biletkunstnar. Han har illustrert ei rekke barne- og ungdomsbøker, samt illustrert for magasin, reklame og animasjon.


Denne artikkelen er bygd på ei nær uredigert pressemelding frå Samlaget.

- Annonse -