
Dette er eit innlegg som gjev uttrykk for skribentens haldningar og meningar. Delta i debatten? Send innlegg til kf@naturpress.no.
Bystyret i Fredrikstad har vedteke eit av Noregs største naturinngrep. No har fleire av representantane send inn lovlegheitsklage på avgjersla. 1,8 millionar kvadratmeter natur- og jordbruksareal er omregulert til næringspark. Skogen på Tofteberg, der det er bestemt at Viken Park skal ligge, er eit variert område med produksjonsskog og eventyrskog: furuskog, blåbærgranskog, eiketre og planta gran.
For å gjere plass til næringsparken har utbyggjaren fått løyve til å sprenge vekk heile Tofteberget, ei masse som utgjer 30 millionar tonn med stein. Den planlagde næringsparken ligg midt i eit av Noregs største felt med helleristningar frå bronsealderen. Før det i det heile tatt kan bli næringspark skal det vere pukkverk i 20 år. Det vil gjere uoppretteleg skade på både naturen og kulturlandskapet.
Østfold fylkeskommune tok området inn i arealplanen for fylket i 2018. Området blei omregulert utan at det var lagt fram nokon konsekvensutgreiing. I 2020 blei området tatt inn i arealplanen for Fredrikstad. I saksdokumentet bystyrerepresentantane fekk utdelt, stod det at naturverdiane i området var lik null. I realiteten hadde ikkje fylkeskommunen eller konsulentselskapet sendt nokon ut for å kartleggje området. Kartleggingane som er gjort av natur og kulturlandskap i området er utført av frivillige fagfolk og miljø- og kulturminneoganisasjonar. Konsulentselskapet har i ettertid uttalt at planane som ligg til grunn for Viken Park berre var ei «skrivebordsøving», og ikkje noko som burde gje grunnlag for kvar ein skal byggje.
Det var disse dokumenta som låg til grunn da bystyret i Fredrikstad vedtok å byggje ut Viken Park, i desember 2025. Natur og Ungdom støttar lovlegheitsklaga, på bakgrunn av dei dokumenterte feila i den politiske prosessen. Representantane meiner at området ikkje har blitt skikkeleg konsekvensutgreia, og at vedtaket derfor strid med plan- og bygningslova.
Natur og Ungdom, samla til sitt 60. sitt ordinære landsmøte, krev at vedtaket om utbygginga av Viken Park blir kjent ugyldig.