Temu/miljøgifter. Miljødirektoratet kjøpte inn Temu-varer for kontroll, og testane avdekte innhald av helse- og miljøfarlege stoff.
Den kjende kinesiske internett-leverandøren har blitt svært populær. Dei stort sett billige varene fløymer over vestlege kjøparar, og reklamen deira dukkar opp nærast «over alt» på sosiale medier.
I undersøkjinga til MD vart 13 produkt sende til analyse i laboratorium. Målet var å finne ut om dei inneheldt miljøgifter som er strengt regulerte i Noreg og Europa, og der produkta er forbodne å selje i Noreg. Det vart gjort funn i 8 av dei 13 produkta.
Fleire av produkta inneheldt fleire ulike miljøgifter. Eit armband inneheldt både kadmium, bly, klorparafinar og ftalat over tillaten grenseverdi, melder MD. Undersøkinga til MD viste også mangelfull merking.
Bjelland Eriksen oppmodar til ikkje å handle på Temu
Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen reagerer på funna.
– Regjeringa er opptekne av at varane vi kjøper på nett skal være trygge og bærekraftige. Det er alvorleg at produkta på Temu i denne kontrollen inneheldt farlege og forbode miljøgifter, og særskild når disse er laga for barn. Eg oppmodar folk til å handle andre stader enn på Temu, seier Bjelland Eriksen i meldinga.
Miljødirektoratet kontrollerte produkt av plast og metall sidan slike varer potensielt inneheld dei mest farlege miljøgiftene. Stoff som ftalat og kortkjeda klorparafinar blir brukte i plastmateriale (PVC ), og kadmium og bly i metall blir ofte brukte i smykke.
– Desse miljøgiftene har lenge vore strengt regulerte fordi dei er skadelege for helse og miljø. Når dei er over grenseverdiar, er produkta forbodne å selje både i Noreg og Europa, seier Ellen Hambro, direktør i Miljødirektoratet.
Eitt smykke inneheldt heile 88 prosent kadmium. Kadmium er både akutt og kronisk giftig for menneske, og fleire kadmiumsamband er kreftframkallande. Kadmium kan setje barns helse i akutt fare. Når kadmium først er teke opp i kroppen, tek det svært lang tid før det skiljes ut. Små mengder kan skade levra, lungene, nyra og skjelettet, understrekar MD.
Ein mistenkjer også at kadmium kan skade forplantningsevna og gi fosterskadar. I miljøet påverkar kadmium både plantar og dyr sidan planten tek opp tungmetallet, og dyr et plantar, som igjen kan føre til helseskadar hos dyr.
I plastsandalar til barn og eit fotballarmband vart det funne ftalat og klorparafinar langt over tillatne grenseverdiar. Desse miljøgiftene kan påverke hormonsystemet og reproduksjonsevna hos både menneske og dyr, og kan gje kreft.
Temu fjerna varene
Temu har etter førespurnad fra MD fjerna dei omtalte produkta frå nettsidene sine.
Miljødirektoratet seier at resultata frå kontrollen med produkt frå Temu samsvarer med tidlegare funn frå kontrollar av andre nettbutikkar som opererer frå land utanfor Europa, slik som Shein, Fruugo og Wish.
– Sjølv om produkta er produserte i land med svakare miljøkrav og reguleringar enn i Europa, må dei følgje regelverket vårt og vere lovlege å selje her. Men forbrukarar bør vere klare over at det kan innebere ein større risiko å kjøpe varer frå nettbutikkar som opererer utanfor Europa. Våre kontrollar avdekkjer nok berre toppen av isfjellet, seier Ellen Hambro.