Ill.foto: Pixabay
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Det skjer i TV-programmet NRK Forbrukerinspektørene, som også er med i samarbeidet.

Østfoldforskning og Norner, som er forsknings- og teknologisenter for plastindustrien, er i juryen, saman med Forbrukarrådet og Svanemerket. Målet med kåringa er å auke bevisstheita rundt kva som er god emballasje.

Vanlege forbrukarar – du og eg – kan legge inn forslag på Facebook eller Instagram ved å bruke hashtaggen #smartemballasje. Forslaga, som må vere inne før 15. oktober, bør fylgjast av opplysingar om kvar vara er kjøpt, eller ei lenkje til nettbutikk.

Åtte millionar plast i havet kvart år

– Plastemballasje til daglegvarer har ein funksjon, men blir som regel brukt berre ein gong. For ofte er det mykje luft og unødvendig mykje plast rundt produkta. Med denne kåringa håper vi at fleire produsentar og daglegvarekjeder bryr seg enda meir om korleis dei pakkar inn daglegvarene, seier fagdirektør i Forbrukarrådet, Gunstein Instefjord.

Svanemerket minner om at verdas plastproduksjon har auka til over 300 millionar tonn per år, og av dette lek minst åtte millionar tonn plast kvart år ut i havet.

Leit i norske daglegvarebutikkar

– God emballasje tek vare på produkta som er inni og fører til mindre svinn, mens dårleg emballasje sløser med ressursane. Sjølv om dette er eit komplekst område, er det mange som finn gode løysingar, seier Anita Winsnes, direktør i Svanemerket.

Denne gongen er det fyrst og fremst i norske daglegvarebutikkar vi blir bedne om å leite etter eksempel på både god og unødvendig emballasje.

– Andre bransjar, som for eksempel leiketøys- og elektronikkbransjen, har heilt klart også utfordringar med unødvendig bruk av emballasje. Denne gongen vil vi likevel sjå nærmare på eksempel frå stadene der vi handlar oftast – daglegvarebutikkane, seier Instefjord.

Dette er kriterium for kåringa:

Bruk av plast:
Unødvendig bruk av plast vil spele negativt inn, då plast på avvegar er ei stor utfordring, mens meir miljøvennlege materiale som alternativ til plast, vil gi poeng.

Smart emballasje:
Det vil gi poeng at emballasjen hjelper oss som forbrukarar å oppbevare maten godt, slik at kvar og ein av oss dermed kan vere med på å hindre matsvinn.

Unødvendig mykje emballasje, mykje luft og bundling:
Ein del produkt kjem i for store forpakningar, eller med for mange av kvar enkelt vare, som gjer at vi må kjøpe meir enn det vi faktisk treng. Eller motsett, stor forpakning får oss til å tru at det er meir i pakken enn kva det faktisk er.

Sortering:
Det er for ofte vanskeleg å vite korleis emballasjen skal sorterast. Mangelfulle forklaringar og unødvendig bruk av kombinasjonsmateriale kan vere grunnar til det. For å hjelpe forbrukarane å sortere riktig bør det stå korleis emballasjen skal sorterast på forpakningane.

For kvar av kriteria over vil juryen vurdere ut frå ei rekkje gitte vurderingar som byggjer på kunnskap om emballasje.

FAKTABOKS om avfall

  • Nordmenn produserte 2,3 millionar tonn hushaldsavfall i 2016. Det svarar til 433 kilo pr. innbyggjar.
  • Mesteparten av avfallet er blanda avfall, treavfall, papir og papp.
  • Plast utgjer ca. to prosent av hushaldsavfallet eller 40 000 tonn. Det er ca. åtte kilo pr. innbyggjar i året.
  • Verda sin plastproduksjon har auka til over 300 millionar tonn per år. Kvart år lek minst åtte millionar tonn plast i havet.
  • Plastemballasje til daglegvarer blir som regel brukt berre ein gong, og det er ofte veldig mykje luft og unødvendig mykje plast rundt mange produkt.

 

- Annonse -