Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. Foto: Naturpress.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Norsk industri skal ikkje leggast ned for å bidra til det globale klimaet, men vi kan til dømes bidra ved å utvikle karbonfangst- og lagring, sa klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) på Enovakonferansen i Trondheim.

Han gav ingen signal om endringar i norsk olje- og gasspolitikk.

– Olje- og gasspolitikken ligg fast i Granavolderklæringa, seier han til Naturpress.

– Den er det stabile rammevilkår rundt, men det er klart at mange viktige avgjerder som må takast framover vil påverke olje- og gassnæringa. Ikkje minst når det gjeld forvaltningsplanen for Barentshavet. Det er ein stor diskusjon som pågår rundt iskanten, og definisjonen av den. Det blir ein viktig diskusjon i regjeringa. Frå Venstre si side meiner vi at iskantsona bør definerast tydeleg og at den bør flyttast lenger sør, av omsyn til miljøet. Men her er det delte meiningar i regjeringa, og me må finne ei samla løysing på det.

Håpar at Klimakur 2030 blir eit omforent faktagrunnlag

Ein av årets viktige hendingar for klimapolitikken i Noreg er lanseringa av rapporten Klimakur 2030, ei utgreiing over korleis Noreg skal klare å redusere dei ikkje-kvotepliktige utsleppa. Miljødirektoratet leverar frå seg rapporten på fredag, og Rotevatn kommenterer dette slik:

– Eg forventar at MD har svart på oppdraget som er å gi oss ei smørbrødliste over korleis vi skal kome i mål i 2030. Det ligg inne ei i bestilling om 50 % kutt, det er jo meir enn Norges klimamål, men det er fordi vi skal ha litt å velge i. Eg håpar det skal bli eit omforent faktagrunnlag som alle kan forholde seg til i den vidare debatten, slik at vi ikkje skal vere så forferdeleg usamde om kva for tiltak som vil fungere, og kor mykje dei vil koste. Så kan vi heller diskutere korleis vi vil prioritere mellom dei. Vi må få fram best mogleg klimapolitikk, og det skal Klimakur 2030 legge eit grunnlag for, seier Sveinung Rotevatn.


 

- Annonse -