NORDFJORD: Okla vindkraftverk med fem vindturbinar skal byggast på Stadhalvøya i Selje. Facebook-gruppa «Nei til vindmøller på Stad!» har over 4110 medlemmar. Kronikkforfattar Wenche Hovlid Sortvik innfelt. Foto: Privat.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Vi registrerer at Arild Hermstad, Miljøpartiet de Grønne (MDG), snakkar varmt om vidare utbygging av vindkraft. Han meiner at omsynet til det visuelle dominerer debatten.

At vindmøller er stygge, er ikkje eit godt argument; til det er klimatrugselen for alvorleg, skriv Hermstad. Han held fram at vindkraft er ein lønsam teknologi, som ikkje bør erstattast med noko anna.

Det er urovekkande at dette er alt ein leiarkandidat til MDG har fått med seg av bodskapen frå vindkraftmotstanden.

Hermstad burde vete at grunnen til vindkrafta si lønsemd er at øydelegginga av urørt natur ikkje har blitt sett prislapp på. Det finst inga oversikt over dei
samla konsekvensane vindkraftutbygginga har for biologisk mangfald, truga naturtypar og landskapsverdiar. Likevel har norske styremakter godkjent bygging av over 80 vindkraftverk.

Nye rapportar viser at politiske tiltak har vore meir effektive for å redusere press på miljøet, som klimautslepp, enn å verne om natur, biologisk mangfald, økosystem og livskvalitet. Fokuset må styrkjast raskt; verknadane frå klimaendringane kan ikkje dempast utan intakt natur.

Fleire konsesjonar for vindkraft er gitt i område med unike landskapsverdiar og urørt natur. Dette er grunnen til vår motstand! Påstanden kan grunngjevast ved å trekke fram eit konkret døme frå saksarkivet til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE): konsesjonen til Okla vindkraftverk på Stadlandet.

Konsesjonsområdet er prioritert som kystnatur av høg nasjonal verdi og er i høgste konfliktvurdering med nasjonale mål knytt til landskap, biologisk mangfald, kulturminne og kulturmiljø.

Området er eit særeige fjellandskap som ber preg av platårestar av urgammalt sletteland (nunatakområde). Berggrunn, jordsmonn og planteliv er særmerkte av ein sjeldan artsrikdom. Utbyggingsfeltet har fleire raudlisteartar, hekkande og trekkande fugl og ligg inntil freda naturreservat.

Fleire høyringsinstansar kom med fyldige motsegner, utan at dette vart teke omsyn til av NVE i konsesjonsvurderinga. På oppmoding har Okla-saka nyleg vore til ny vurdering hjå NVE, og skal endeleg avgjerast av Olje- og energidepartementet.

Trass i det solide kunnskapsgrunnlaget, kan NVE framleis ikkje sjå grunnlag for å endre vedtaket. Teknisk effektivitet og økonomisk lønsemd har forrang i rettferdiggjeringa av konsesjonen.

Dette viser at eineståande naturressursar og biologisk mangfald vert ofra i vindkraftutbygginga, noko som strir både mot naturmangfaldslova og internasjonale konvensjonar som burde stå høgt hjå styremaktene.

Nei. Det handlar ikkje om det visuelle, eller mangel på miljømedvit. Vi erkjenner behovet for fornybar energi. Men ikkje alle stadar er eigna for vindindustri. Det er dette motstanden vår handlar om; at rasering av unike naturverdiar i distrikta vert rettferdiggjort i klimaets namn av statlege styringsorgan.

Ein kan undre seg over kva som skal til for å stogge ein praksis som har så store skadeverknader for landskapsverdiar, biologisk mangfald og livskvalitet?

Vi krev at styremaktene lyttar til oppmodinga om å føreta ein grundig gjennomgang av det miljøfaglege grunnlaget for gjevne konsesjonar som gjev eit korrekt bilete av naturverdiane, og at konsesjonar som er gitt på feil grunnlag, rettmessig vert omgjort.


Denne kronikken vart fyrst publisert i Bergens Tidende.

- Annonse -