Fersk klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er vald til president i FNs miljøforsamling.
Tidlegare klima- og miljøminister, Ola Elvestuen, hadde det samme vervet. Miljøforsamlinga er det øvste organet i FN for miljø.
Rotevatn skal leie komiteen som førebur miljømøtet i Nairobi i 2021, UNEA-5.
– 2020 er eit viktig år hvor vi skal vi løyse mange av dei største miljøutfordringane i verda. Vi ser at natur forsvinn i eit høgt tempo, og at teikn på klimaendringar viser seg på dramatisk vis. Miljøforsamlinga i FN blir ein viktig arena for å få på plass internasjonale løysingar verda treng, seier Rotevatn (V) på KLD sine sider.
Her er Rotevatns tweet etter utnevninga:
Og det etter berre éin dag i Brussel. pic.twitter.com/qgVwygu6rV
— Sveinung Rotevatn (@Rotevatn) March 6, 2020