NVE gav i dag avslag på søknad om utsett frist for idriftsetting på Dalbygda vindkraftverk i Tysvær kommune i Rogaland.
Dalbygda Vindkraft AS søkte om utsett frist for idriftsetting av Dalbygda vindkraftverk frå 31. desember 2020 til 31. desember 2022 fordi det ikkje er ledig nettkapasitet før tidlegast 2022, melder NVE.
NVE gav avslag fordi dei meiner det er urealistisk å realisera prosjektet før den omsøkte fristen 31.12.2022, då det framleis er avhengig av endeleg konsesjon på ny kraftleidning mellom Ølen – Våg – Bratthammar, nettilknytning frå vindkraftverket til Ølen – Våg – Bratthammar og godkjent detalj- og MTA-plan.
NVE skriv vidare at avslaget byggjer på vurderingar som kjem fram i brev til konsesjonærane 27.11.2019:
«Dersom anleggene ikke er bygget innen frist for idriftsettelse, kan ikke prosjektet realiseres. Det må søkes ny konsesjon med oppdaterte utredninger med utgangspunkt i dagens teknologi dersom prosjektet ønskes videreført», står det mellom anna i brevet, ifylgje NVE.