Diesel-gravemaskiner er ei av dei maskinane på byggjeplassene som slipp ut store mengde CO2. Liebherr er ei av dei store verksemdene som er i gang med å utvikle elektriske byggjemaskiner. Foto: CCBY Neuwieser.

No byrjar entreprenørar, maskinprodusentar og myndigheiter å nytte tunge byggemaskiner som ikkje slepp ut drivhusgassar, og dei nordiske landa er i front.

På ein byggeplass i Albertslund i Danmark arbeidar handtverkarane frå selskapa Loxam og NCC no med å renovere 503 gårdshus. Utanfrå liknar kanskje byggjeplassen på alle andre, men den er faktisk ganske spesiell. Byggjinga foregår heilt utan den vante støyen og forureininga frå store, tunge gravemaskiner og bulldosarar. Prosjektet skjer nemleg med elektriske maskiner heller dieseldrivne maskiner.

Bruken av elektriske byggemaskiner er eit viktig steg på vegen mot ei grønare omstilling, då store maskiner krevjer enorme mengder diesel, og slepp ut store mengder drivhusgassar verda over. Og no lyd startskotet til elektriske byggemaskiners framtog hjå kommuner, verksemder og byggjeplassar.

Godt for klimaet og for helsa

Gravemaskiner og bulldoserar er maskiner ein finn på byggjeplassar verda over. Dei er store og tunge, osar og støyar, slik at alle i nærleiken kan høyre og merke det. Maskinene nyttar enormt med energi når dei løftar, grev og flyttar tonnevis av jord, sement og stål, og slepp derfor ut store mengder drivhusgassar. I København åleine slepp byggjemaskiner ut 80.000 tonn C02 kvart år, tilsvarande dei årlege utsleppa til 35.000 innbyggjarar. Her heime i Oslo står maskinene for heile 21% av byens samla utslepp.

Annonse

Samtidig går utsleppa utover luftkvaliteten.

«Mannen som står ved sida av el-gravemaskina, er svært glad. For det første er det ikkje så mykje støy, og for det andre kan dei endelig trekke pusten. Det er jo ikkje nokon form for utslepp,” seier Michael Stentoft Christensen, som er prosjektleiar frå Loxam på byggeplassen i Albertslund.

Full fart på utviklinga

Det er ikkje kun i Albertslund dei har fått auga opp for dei elektriske byggemaskinene. Fleire stader i verda har ein begynt å innføre lover eller lage frivillige avtalar om CO2-nøytrale byggeplassar. I Oslo starta verdas første heil-batteridrivne byggeplass i 2019, som eit ledd i ei ny lov som seier at alle offentlige byggjeprosjekt i Noreg skal være CO2-nøytrale innan 2030. I Finland har miljødirektoratet laga avtale med fire store byar om at byggeplassar skal vere fossilfrie ved utgangen av 2025. Og København Kommune vil også stille krav om at både offentlige og private prosjekt skal byggjast med CO2-nøytrale maskiner frå 2024.

Det er også full fart på utviklinga av elektriske maskiner hjå internasjonale verksemder, og mange maskinprodusentar står i kø for å være med på den grøne bølgja. Verksemder som Volvo, Liebherr, Case og Hitachi er berre nokre av dei store spelarane som alt har utvikla elektriske gravemaskiner og andre byggemaskiner.

“Etterspurnaden for elektriske byggemaskiner summar riktig mykje i byggebransjen. Etterspurnaden er stor, og mange verksemder har prosjekt i gang for å oppnå ein grøn profil. Vi er jo derfor også interessert i å følgje med,” seier Michael Stentoft Christensen frå Loxam.

Denne artikkelen vart fyrst publisert hos Verdens Beste Nyheter. Teksten er oversett fra dansk til norsk av Ingeborg Sævik Heltne.