Varaordførar i Tokke, Benedikte Nes (MDG) og leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg framfor ein av fossane i Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.
- Annonse -

Også for Lårdalsåi ligg det føre konsesjon for regulering, men prosessen er satt på vent. Eit fleirtal i kommunestyret i Tokke (Telemark og Vestfold) ynskjer å stogge prosjektet.

Det er årsak nummer ein for at sjansane for at konsesjon kan bli trekt attende, aukar. Årsak nummer to, og som stettar dei som vil la Lårdalsåi renne fritt: I ein konsekvensrapport som BioFokus har levert i vår vert moglege skader på elvas øvre del vurdert som alvorlege, ved eit eventuelt utbyggingsprosjekt. BioFokus fann 13 raudlista artar, mellom anna hårkulemose. 16 naturtyper står i fare for å bli negativt påverka av ei eventuell utbygging, ifølgje biologane.

Det er eit såkalla elvekraftverk utan demning som er prosjektert. Eit eventuelt vassverk vil ha ein innstallert effekt på 3,5 MW og gje ein produksjon på 8,4 GWh.

Parti frå Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.

Ny styrke til aksjonen for Lårdalsåi

Kreftene som ynskjer å stogge utbygging av Lårdalsåi vart ytterlagere forsterka då Naturvernforbundet fyrste helga i september la sitt årlege vassdragstreff til Dalen i Telemark. Lårdalsåi fekk full merksemd gjennom eit todagars program, med heildagsseminar og synfaring.

Det vart gjeve to-delt konsesjon frå NVE til vasskraftregulering tilbake i 2015, med Vest-Telemark kraftlag som utbyggjar i øvre del og Eik falleigarlag i nedre. Men den todelte utbygginga vert likevel sett under eitt. VTK søkte om forlenga konsesjon i 2020, med fem nye år, men kommunen har sagt nei. Etter dette har Naturvernforbundet bedt om nye konsekvensutgreiingar, etter mistanke om at dei fyrste utgreiingane ikkje var grundige nok, og det er dette firmaet BioFokus har levert rapport på. Saka er tilbake hos NVE.


«Det er ein knapphet på intakt natur nå, og vi har ikkje råd til å byggje ned meir»

Benedikte Nes, varaordførar i Tokke (MDG)


Politisk og folkeleg støtte

Det er eit samarbeid mellom Senterpartiet og MDG som sørgjer for at det nå er politisk fleirtal i kommunen for å stogge utbyggingsplanane. MDG har varaordførar Benedikte Nes som ein profilert talsperson for Lårdalsåi. Med seg har ho ikkje bare eit fleirtal politikarar i kommunestyret, men også mange bygdefolk. Ei støttegruppe på Facebook som heiter «Lårdalsåi – La elva leve«, har i skrivande stund 398 medlemmer. Det er nesten dobbelt så mange menneske som det bur i bygda Lårdal.

Vil at omsyn til intakt natur veg tyngst

Benedikte Nes viser til rapporten frå BioFokus om naturverdiane som står i fare ved ei utbygging.

– Men eg vil seie det er like viktig med dei sosiale, menneskelege omsyna – det som har med bygda og opplevinga av bygda som ein heilskap å gjere. Trivselen til dei som bur her, og det at det er ein nydeleg stad å kome til.

Naturpress: – Er det ikkje eit paradoks for MDG at utsleppsfri kraft frå Lårdalsåi kan gje straum til lading av 3 500 elbilar?

– Det er det dilemmaet vi i MDG blir stilt opp i mot. Klima og fornybar energi opp mot naturvern. Det er ein knapphet på intakt natur nå, og vi har ikkje råd til å byggje ned meir. Så lenge vi ikkje har gjort seriøse forsøk på energisparing og energieffektivisering, må vi la dei andre tinga bero, svarar Nes.

Ola Elvestuen (V) og andre deltakarar på synfaring får forklaringar frå Bjørn Olav Haukelidsæter. Foto: Kjetil Aasmundsson.

Grunneigarar meiner utbygging vil vere skånsam

Ein av sju grunneigarar som har fallrettar og ynskjer kraftutbygging er Olav Nygard. Han er forundra over at Senterpartiet i Tokke har teke standpunkt mot utbygging.

– Men at MDG er mot, er ikkje å undrast over, seier han til Naturpress.

– Me er sju gardbrukararar som ynskjer å utnytte litt av det vatnet som renn i Lårdalsåi, slik at me kan styrke dei små gardsbruka slik at vi kan bu der. Alle saman har fallrettar som ikkje går over andres eigedom, men vi vil bare utnytte det vi har.

Nygard trur utbygginga blir så skånsam at folk flest ikkje vil merke det.

Olav Nygard er ein av grunneigarane med fallrettar. Foto: Kjetil Aasmundsson.

– Mi erfaring er at når det er lite vatn i elva er det ingen som bryr seg, men når det er

mykje vatn stoppar folk og kikkar på det fine fossefallet. Men det er ingen som vil sjå etter ei utbygging at det renn 2000 liter i rør ved sida av, og det er ingen som vil merke røret når det er nedgrave.

Varaordførar Benedikte Nes forstår synspunkta til Nygard og dei andre grunneigarane, men står fast ved at omsynet til natur er det viktigaste.

– Det er inga tvil om at Lårdal som bygd treng noko nytt, og det har vore nedgangstider her i fleire tiår. Eg har sjølv, med mi korte fartstid i kommunestyret, vore med på å legge ned ein barnehage, og det er trist å vere i slike prosessar. Vi ser at det er mange i distrikts-Norge som treng fleire folk og nye næringsmoglegheiter. Men nå trur eg vi må leite etter dei på andre måtar enn ved å rasere naturen, seier ho.

For kommunen sin del er det ikkje snakk om store, nye inntekter frå Lårdalsåi kraftverk. Opp mot 200 000 kroner i året frå falleige og eigedomsskatt, er anslaget.

I Tokke er nesten ingenting av vassdragsnaturen spart

Tokke er ein av dei store vasskraftkommunane i landet. I 1956 tok utbygginga av Tokke-anlegga til. Området som vart berørt av utbygginga er større enn gamle Vestfold fylke, og utbyggingskostnadene var så store – om lag 11 milliardar kroner målt i dagens verdi – at Verdsbanken måtte hjelpe til med finansieringa. Årsproduksjonen av straum frå anlegga er i dag på over 4 400 millionar kWh; det er fjerde størst i Norge og nok til å forsyne om lag 185 000 husstandar.

 

For kommunane i Vest-Telemark har vasskraftproduksjonen medført store inntekter gjennom meir enn 50 år, inntekter som har kome godt med til samfunnsbygging. Men inntektene har vore fylgd av ei utgiftsside – stadig mindre urørd natur.

«Kraftutbygginga markera starten på ei ny tid i Vest- Telemark. Ho hadde enorme konsekvensar både for menneske og miljø», heiter det i presentasjonen av Tokke kraftverk på Vest-Telemark Museum.

Det er nemleg snart ikkje meir vasskraft å bygge ut i Tokke. Nesten ingenting er spart. Det fins ulike anslag på kor mykje som er utbygd av dei kommersielt drivbare vasslinjene i Tokke, men alle anslaga ligg godt over 90 prosent. Det høgaste anslaget er at 98 % av all potensiell vasskraft i kommunen er utbygd.

Silje Ask Lundberg på synfaring av Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.

Leiar i Naturvernforbundet, Silje Ask Lundberg, meiner at punktet er nådd då ein må stoppe opp.

– Det er på tide at det som er igjen får renne fritt. Nei, denne elva skal ikkje leggast i rør, slår ho fast. Under vassdragstreffet var ho med på synfaringa langs elveleiet.

Eit argument om at den vesle bygda treng tiltak som kan motvirke fråflytting, meiner Lundberg ikkje kan brukast i saka om Lårdalsåi.

– Det er absolutt viktig å snu ei slik utvikling, men då er det viktig å sjå kva ein kan gjere ved hjelp av naturverdiar. Å legge denne elva i rør betyr ikkje at det blir mindre fråflytting av den grunn. Vi kan ynskje ei utvikling for Lårdal-samfunnet der ein tenkjer større, og ikkje bare grip etter dei enkle løysingane, seier Silje Ask Lundberg.

Parti frå Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.

Elvestuen og Dørum: – Ingen grunn til å overkøyre kommunestyret

Også to tidlegare statsråder tok turen til Dalen for ei veke sidan, for å stø opp om Lårdalsåi.

Tidlegare klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) seier til Naturpress at hadde han vore statsråd i dag hadde han jobba i mot utbygging av Lårdalsåi:

– Eg kjem til å tilrå Venstre og våre folk i regjeringa at det ikkje gjevast forlenga konsesjon. Både fordi det har kome ny kunnskap, og som heilt klart peikar på nasjonale og regionale verneverdiar, men så skal ein også ta på alvor at kommunen er i mot. Det er ingen grunn til overkøyre eit fleirtal i kommunestyret.

Ola Elvestuen og Odd Einar Dørum snakka varmt for Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.

– I dag har eg fått ny kunnskap om dei raudlista artane og dei nasjonale verneverdiane som er i området. For meg er ikkje dette ei vanskeleg sak. Konsesjonen har ei tidsavgrensing, og når ein ikkje kjem i gang må ein søkje om forlenging. Då må ein også ta inn den nye kunnskapen som er der, samt utviklinga i kommunen, sa Ola Elvestuen.

Han fekk full støtte av partifelle og Venstre-høvding Odd Einar Dørum, tidlegare justisminister, samferdsleminister og ein veteran innan naturvern.


- Annonse -