Edellauvskog er med i nye skogvernområde. Illustrasjonsfoto: Unsplash.

– Vi skal verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei truga artane og naturtypane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

– I skogen har vi meir enn 1100 truga artar og 13 truga naturtypar. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier Rotevatn i ei nyhetsmelding.

Vernevedtaket utgjer til saman om lag 82 km2 nytt verneareal med 52 km2 produktiv skog. Alle områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog. Til no er om lag 670 skogområde verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane.

Frå og med 2014 er det løyvd om lag 2,85 milliardar kroner til skogvern, opplyser KLD.

KLD omtalar dei verna områda slik:

«Blant dei verna områda er Hylsskaret naturreservat i Suldal kommune, som går heilt ned til fjorden. Her finn vi stor variasjon, frå varmekjær edellauvskog til gamal furuskog og bekkekløfter med høg luftfuktigheit. Ei rekkje truga og sjeldne artar lever i området.

Urfjellsheia og Dalsheia naturreservat i Risør kommune ligg om lag 9 kilometer nordvest for Risør by. Området har viktige vernekvalitetar som rik edellauvskog med innslag av eik-lindeskog, alm-lindeskog, rasmarklindeskog og gamal barskog.

- Annonse -

Heggshuselva i Østre Toten kommune er ei variert bekkekløft med rike skogtypar som kalkgranskog, kalk- og lågurtfuruskog, høgstaudegranskog, rik gransumpskog og gråor-heggeskog i tillegg til bergveggar med kalk. Området er viktig for mellom anna kalkkrevjande sopp og mosar.

Skjeggedalsheii naturreservat i kommunane Åmli og Froland skil seg ut ved å ha eit stort samanhengande areal med gamal og til dels storvaksen furuskog. Det er innslag av lågurt-eikeskog med mange sjeldne artar som lever i gamal eik.»

Omlag 5,1 prosent verna

– Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier klima- og miljøminister Rotevatn i innlegget.

I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket også bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald, held KLD fram:

• Et representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
• Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.

Det er no verna om lag 5,1 prosent av all skog og 3,9 prosent av den produktive skogen i Noreg. Framover vil regjeringa prioritere vern av lågtliggande og  høgproduktiv skog som er viktig for raudlista artar og naturtypar, heiter det.


 

- Annonse -
Vil du annonsere her?