Ledige stillinger
Ledige stillinger

Møre og Romsdal har tre avfallsdeponi. Alle hadde avvik, viste tilsyn

– Vi ser med uro på at deponia ikkje klarar å reinse tilstrekkeleg, seier fagleiar ved Miljøvernavdelinga.

Del denne artikkelen:
- Annonse -
Bestill ved fra Jeløy Ved
Dei tre deponia er Bingsa deponi i Ålesund, Øverårslia deponi i Vestnes og Årødalen deponi i Molde. 

Tilsyna har vist at mykje vatn med stoff som har lekt ut frå deponert avfall, blir sleppt ut i sjøen utan å bli godt nok reinsa først. Mangelen på kontroll og reinsing av vatn som har vore i kontakt med avfall, sokalla sigevatn, og som deretter blir sleppt ut i sjøen, varierer mellom dei ulike deponia, vert det opplyst.

– Vi ser med uro på at deponia ikkje klarar å reinse tilstrekkeleg, seier Christian Dahl som er fagleiar i Miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Ifølgje Statsforvaltaren i fylket har deponia for dårleg oversikt over leidningane som leiar vatn med ulik grad av forureining gjennom eller bort frå deponiet. To av deponieigarane hadde for dårleg risikovurdering av tilhøve som gjeld deponiet.

Statsforvaltaren krev at betre reinsing må på plass, og deponieigarane har fått frist til 1. januar 2024 med å gje tilbakemelding på korleis dei vil få til dette.

Avfall blir lagt på deponi dersom det ikkje er eigna for gjenbruk i form av material- eller energigjenvinning. Noko av dette avfallet kan føre til utslepp av stoff som er farlege for helse og miljø, bemerkjer Statsforvaltaren.


Del denne artikkelen:

Lignende artikler

FØLG

2,065FansLik
732FølgereSosiale medier
1,652FølgereSosiale medier
- Annonse -

SISTE NYTT