Dette er eit innlegg som gjev uttrykk for skribentens haldningar og meningar. Delta i debatten? Send innlegg til kf@naturpress.no.
Allereie i mi fyrste veke som nyvald leiar hos Natur og Ungdom, slår lynet ned i norsk oljedebatt. Eg er fullstendig sjokkert, forbanna og sønderknust. Vi som er unge, vår stemme må bli høyrt. Klisjeen er utvilsamt sann: det er vår framtid det handlar om.
“Statsministerdebatten” som ble sendt på NRK i går kveld var ein total skivebom. Sendinga mislykkast fullstendig i å opplyse kva som eigentleg står på spel i oljedebatten. Det passa ekstremt dårleg å sende ein debatt som tar oss tilbake til 1990 når vi er i 2025 og klimakrisa er her no. Klimamåla våre er ikkje ei tilfeldig satt grense, men dei er satt av det internasjonale forskingsmiljøet for korleis vi skal unngå dei aller verste og farlegaste klimaendringane. Lukkast vi ikkje, står vi ovanfor den største humanitære krisa vi nokon gong har sett. Då kan ikkje NRK med Fredrik Solvang i spissen legge til grunn at vi aldri vil nå verken 1,5- eller 2-gradersmålet, før våre to statsministerkandidatar held fram med en oljedebatt som berre handlar om økonomi. Eg er sjokkert, forbanna og skikkeleg redd.
Faktisk er det ingen som seier eksplisitt ordet klimakrise gjennom heile sendinga, korleis kan det vere mogleg?
Eg meiner at debatten ikkje oppfylte NRK sitt samfunnsansvar. Dei to debattantane Støre og Listhaug kunne knapt kallast motdebattantar i denne saka. Begge to får snakke lenge om at de vil bore etter olje så lenge som mogleg. Faktisk er det ingen som seier eksplisitt ordet klimakrise gjennom heile sendinga, korleis kan det vere mogleg?
Ikkje ein gong debattleiar Fredrik Solvang, gjer det. Han let debatten handle om olja vår er lønsam, utan at denne heller blei tilstrekkeleg opplysande. Gjennom heile debatten virka det som vidare oljeleiting var ei sjølvfølge, at klimamåla ikkje var noko vi faktisk må forholde oss til. Solvang sjølv sa i debatten; “hvis vi mot alle solemerker hadde klart parisavtalens mål”, og “hvis vi på mirakuløst vis klarer 2-graders målet”. Korleis kan vår statskanal tilnærma avlyse klimamåla? Årsaka til at vi slit med å nå klimamåla er ikkje fordi dei ikkje er livsviktige, men nettopp grunna politikarar som Støre og Listhaug og deira debatt i går. Klimamåla er norsk lov, og å ikkje forholde seg til desse er dermed å bryte lova.
Det er så sjukt at Sylvi Listhaug får stå i studio og snakke for 100 år til med oljeboring, utan å bli konfrontert med kor kontroversielt det faktisk er. Men i staden bli møtt med ein sittande norsk statsminister i 2025 som kritiserer henne for å sette 100 år som “sluttdato”. Det er mildt sagt kontroversielt. Har vi verkeleg komen dit at Framstegspartiet skal legge premisset for norsk oljepolitikk, og til og med føre Arbeidarpartiet enda lenger i deira retning?
Ei verd som ikkje når klimamåla, er ikkje ei verd eg vil leve i. Ei verd som ikkje når klimamåla, vil skape ei humanitær krise. Som ung, er dette ein skummel verd å sjå til. Eg kan ikkje hjelpe meg å lure på korleis dei unge stemmene i Noreg sitt største parti seriøst kan stå bak dette. Er dette ei slik verd du vil oppleve, Velle?
Det er så sjukt at Sylvi Listhaug får stå i studio og snakke for 100 år til med oljeboring, utan å bli konfrontert med kor kontroversielt det faktisk er
Statsminister-kandidatane skal ikkje få øydelegge framtida mi uimotsagt. Når NRK ved Solvang ikkje greier å gjere dette, kan eg ikkje anna enn å ty til dette. I 2025 er det heilt useriøst at eg som ein 21 år gammal klimaaktivist, er den som må passe på at klimakrisa blir nemnd når statsministerkandidatane våre med sittande statsminister snakkar om olje. Eg er så enormt skuffa. Her er det mange som har svikta sitt samfunnsansvar.
Dette innlegget vart fyrst publisert på skribentens Facebook-side, og er republisert med løyve.