Marit Sundsvik Bendixen er ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland

Bendixen (64) har dei siste åra vore assisterande fylkesmiljøvernsjef hos Statsforvaltaren i Rogaland, med ansvar for forureiningsseksjonen.

Bendixen overtek etter May Britt Jensen, som går til kommunedirektør-jobben i Utsira kommune, skriv Statsforvaltaren i ei melding.

Ho tek til i den nye jobben 12.april. Marit Sundsvik Bendixen frå Stavanger er utdanna ingeniør innan teknisk miljøvern og begynte hos Statsforvaltaren i Rogaland i 1998.

– Eg er veldig opptatt av miljø- og naturvern. Derfor har eg lyst å ta ansvaret for dette viktige arbeidet. Dessutan er formidling, det å skapa forståing slik at ein kan ta miljøvennlege val, noko eg brenn for, seier Bendixen i meldinga.

Annonse

Det var 11 søkarar til jobben som fylkesmiljøvernsjef/avdelingsdirektør i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren Rogaland.