Marinbiolog Cathrine Eltervåg blir ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland

Ny fylkesmiljøvernsjef i Rogaland: Cathrine Stabel Eltervåg. Foto: Statsforvalteren i Rogaland.
- Annonse -

Cathrine Stabel Eltervåg er marinbiolog og overtar etter Marit Sundsvik Bendixen som går av med pensjon ved årsskiftet.

Eltervåg er i dag assisterande fylkesmiljøvernsjef i Rogaland, melder Statsforvaltaren.

Ho har arbeidd hos Statsforvaltaren i Rogaland sidan 2011. Ho er 42 år, gift, har to ungar på sju og ti år – og bur på Storhaug i Stavanger, men er frå Sandnes. Statsforvaltar Bent Høie seier seg glad for at ho takka ja til stillinga:

– Ho har ein solid fagleg bakgrunn på natur- og miljøområdet – og lang og brei erfaring frå feltet. I rolla som assisterande fylkesmiljøvernsjef har ho også fått leiarerfaring og blitt godt kjent med avdelinga og statsforvaltarembetet. Ho er dessutan ein omgjengeleg person som kjem til å visa igjen i den viktige miljø- og naturomstillinga som Rogaland er inne i, seier Høie. 

Eltervåg har også praktisk-pedagogisk utdanning, og før ho kom til Statsforvaltaren i Rogaland arbeidde ho som lærar.

Som ein person som er oppteken av natur og miljø, er det vanskeleg å sjå føre seg ein meir interessant plass å jobba enn i miljøvernavdelinga hos Statsforvaltaren, seier ho i meldinga:

- Annonse -

– Eg er jo midt i smørauget! Her er me i ein posisjon til å kunna påverka, få gjort noko med det me meiner er viktig. Jobben vår betyr noko for natur og miljø. Derfor er det lett å motivera og engasjera seg. Det kan vera hektisk, det står aldri stille, men eg synest det er veldig givande.


- Annonse -
Vil du annonsere her?