Regjeringa foreslår å forby skip som seglar på Svalbard å bruke tungolje. Forbodet skal gjelde heile Svalbard, òg utanfor verneområda.
– Svalbard har svært sårbar natur og store, særeigne villmarksområder. Difor har regjeringa satt høge miljømål for Svalbard, som betyr at risikoen for skade på miljøet skal vere låg. Eit forbod mot tungolje som gjeld heile Svalbard er eit naturleg steg å ta for å redusere denne risikoen, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V), i ei melding på departementets heimesider.
Klima- og miljødepartementet sender no forslaget på offentleg høyring.
KLD legg til grunn at eit utslepp av tungolje kan gjere stor skade i Arktis på grunn av dei sårbare økosystema og korleis tungolje opptrer ved låge temperaturar og is. Om slik olje blir sloppe ut ved ei ulukke på Svalbard, vil det kunne føre til stor og langvarig skade på miljøet. I tillegg gjer store avstandar, is, kulde og dårleg tilgang på oljevernressursar at beredskap og oppreinsing vil vere vanskeleg og kostbart, skriv departementet.
I dag er tungolje forbode i verneområda på Svalbard. Kravet er at skip må bruke diesel (marin gassolje). Diesel vil gjere mindre skade enn tungolje om det blir sloppe ut til sjøen, og forsvinn langt raskare frå miljøet, ifølgje KLD.
Veldig gledeleg, seier Bellona
Nyheiten vert godt motteken av mellom andre Bellona, som har etterlyst dette i lang tid.
– Vi har i mange år peika på behovet for eit slikt forbod, og vil jobbe hardt for at framlegget blir vedteke, seier fagansvarleg for Arktis, Sigurd Enge, til NRK.
Han meiner det verste scenarioet er eit utslepp om høsten, som fører til at oljen frys inn i isen.
– Når isen smeltar på våren, vil oljen sleppe ut på ny. Og det er på våren Arktis er på sitt mest sårbare, seier Enge.
Lov med diesel, naturgass og hydrogen
Kravet til drivstoff som no blir foreslått, vil hindre bruk av både tungolje og annan slags olje som kan gjere større skade enn diesel om det blir sloppe ut til sjøen. Samtidig vil det vere lov med meir miljøvennleg drivstoff, som til dømes naturgass eller hydrogen.
KLD held fram at det i dag stort sett er store, oversjøiske cruiseskip og frakt av kol og varar til og frå Longyearbyen, som nyttar tungolje. Slike fartøy må gå over til å bruke diesel, eller på sikt skifte til naturgass, om forbodet blir innført. Dette vil føre med seg ei viss auke i kostnader for dei skipa det gjeld. Men, skriv KLD, «samtidig vil oppryddingskostnadene ved eit eventuelt utslepp bli betydeleg mindre. Det same gjeld omdømmekostnader som kan råke reiselivet og fiskerinæringa.»
Forslaget inneheld ei overgangsperiode på to år for stykkgodstrafikken til Longyearbyen og Barentsburg. Behovet for overgangsordningar vil bli vurdert på nytt etter høyringa.