Regjeringa utvidar i dag Nordenskiöld Land nasjonalpark på Svalbard og vernar Van Mijenfjorden og landområda rundt. Nasjonalparken blir utvida med 2914 km2 og namnet blir endra til Van Mijenfjorden nasjonalpark.
– Med dette blir eitt av dei siste fjordområda på vestsida av Svalbard som framleis har stabil sjøis, verna. Dette er viktig for sårbare artar som treng islagte sjøområde for å overleve, som ringsel og isbjørn, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i eit innlegg på KLDs nettsider.
Bakgrunnen for utviding av nasjonalparkomrpdet er at klimaendringane har ført til store reduksjonar i utbreiinga av sjøis på vestsida av Svalbard, noko som inneber at leveområde for isavhengige artar som ringsel og isbjørn har minska drastisk. Klima- og miljødepartementet har derfor gitt Sysselmannen i oppdrag å utarbeide eit forslag til utviding av Nordenskiöld Land nasjonalpark, slik at parken omfatta Van Mijenfjorden og landområda rundt.
Av fjordane på vestkysten av Svalbard er Van Mijenfjorden der ein forventar at sjøisen vil halde seg lengst etter kvart som klimaet blir varmare. Departementet vurderar difor at denne fjorden får auka tyding som leveområde for ringsel og isbjørn på vestsida av Svalbard i framtida, og at dette skaper behov for å skjerma dyrelivet her mot forstyrringar og annan negativ påverknad.
– Regjeringas mål er at Svalbard skal vera eit av dei beste forvalta villmarksområda i verda. Det krev at vi set i verk tiltak for å handtere klimaendringar og det presset aukande ferdsel førar med seg. Vern av Van Mijenfjorden og områda rundt er ein direkte respons på dette, seier Sveinung Rotevatn.
Gruveområde inn i nasjonalparken
Oppryddinga og restaureringa av naturen i dei tidlegare gruveområda i Svea har gjort det mogeleg å inkludere også det meste av disse områda i den utvida nasjonalparken, melder KLD.
- – At det meste av dei tidlegare gruveområda i Svea no blir innlemma i nasjonalparken, viser at restaurering av natur og økosystem nyttar. Tidlegare har også det nedlagde skytefeltet på Hjerkinn blitt restaurert og innlemma i Dovrefjell-Sunndalsfjella nasjonalpark. Vi er no inne i FNs tiår for økosystemrestaurering. Disse to eksempla viser at Noreg tek slik restaurering alvorleg og har vilje til å bruke ressursar på dette, seier Rotevatn.