Dimensjonane på somme tre i Gabons regnskog er overveldande. Foto: Axel Rouvin / Flickr / Attribution 2.0 Generic (CC BY 2.0).
- Annonse -

Som første land i Afrika har Gabon klart å redusere avskoginga så mykje at det utløyser ei resultatutbetaling.

Meir enn 140 millioner kroner utbetalast frå Norge og fleirgivargruppa som vi er ein del av (CAFI).

– Dette er ein viktig milepæl, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn i ein post på KLDs nettsider.

Den reduserte avskoginga i Gabon har spart atmosfæren for meir enn fem millionar tonn CO2, ifylgje KLD.

Stort karbonlager

Gabon er del av regnskogen i Sentral-Afrika, Kongobassenget, som er verdas nest største regnskog. I tillegg til å lagre enorme mengder karbon, er han spesielt artsrik og verdfull. Gabon har sett seg som mål å bevare 98% av skogen, som dekkjer 88% av landet. Landet skil seg ut i regionen, der avskoginga elles skjer alarmerande raskt, melder Klima- og miljødepartementet.

– For eit land som Gabon, med ei avskoging som allereie er låg, er det desto meir imponerande å redusere avskoginga. Å halde avskoging på eit stabilt lågt nivå er svært krevjande, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Bærekraft og utvikling

Gabon vil bruke pengane til å investere i ytterlegare utsleppsreduksjonar samt utviklingstiltak heilt ned på landsbynivå.

- Annonse -

– Gabon viser at det er mogleg å balansere god arealpolitikk og bærekraftig bruk av regnskogen med nyskaping og arbeidsplassar, seier Rotevatn.

  • Norge brukar tre milliardar bistandskroner på regnskogbevaring kvart år.
  • Fleirgivarinitiativet CAFI (Central African Forest Initiative) består av Norge, Tyskland, Storbritannia, Frankrike og EU.
  • CAFI har avtaler med Gabon, DR Kongo, Republikken Kongo, Kamerun, Den Sentralafrikanske republikk og Ekvatorial-Guinea

- Annonse -
Vil du annonsere her?