Oppdateringa av raudlista viser at over 2 800 artar og underartar i Noreg nå er truga.
– Raudlista er ein institusjon i norsk naturforvaltning. Status for artane i vårt langstrakte land gir oss ein viktig peikepinn på korleis stoda er. Lanseringa av ny raudliste for artar er difor ein dag vel verdt å markera, sjølv om stoda er alvorleg for mange artar, seier statssekretær Aleksander Øren Heen (Sp) i Klima- og miljødepartementet.
WWF Verdens naturfond kallar den oppdaterte raudlista for ei varsla katastrofe.
– Vi er i ei akutt naturkrise. Det blir stadig færre artar og færre individ av kvar art, i takt med vårt aukande overforbruk av naturen. Siden 1970 har vi vore vitne til ein gjennomsnittleg nedgang på 68 prosent av verdas dyrebestandar, og FNs naturpanel har tidligere advart med at ein million artar står i fare for å døy ut. Dette er ei varsla katastrofe, sa Karoline Andaur, generalsekretær i WWF, då rapporten kom ut onsdag denne veka.
Lovar å gjere meir
– Vi må ta inn over oss at naturutfordringane er like alvorleg som klimautfordringane, og at dei er sterkt kopla saman. Raudlista viser at langt fleire artar enn før er negativt påverka av klimaendringar. Regjeringa vil satsa på løysingar som er bra for både klima og natur, såkalla naturbaserte løysningar. Vi må gjere meir for å ta vare på naturen, seier Aleksander Øren Heen.
Redde artane – ulven også?
Regjeringa presiserer i innlegget på heimesidene til Klima- og miljødepartementet at ein legg til grunn at Noreg har eit nasjonalt mål om at ingen artar eller naturtypar skal bli utrydda, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal bli betre. Det er ikkje samsvar mellom denne erklæringa og haldninga til enkelte av politikarane i regjeringspartiet Senterpartiet. Til dømes har dagens justisminister Emilie Enger Mehl (Sp) så seint som i august i år teke til orde for at all ulv i Noreg bør skytast.
– Den høyrer ikkje heime her. Situasjonen er nå så ille at det viser kor umogleg det er å ha ulv og beitedyr på same stad, uttalte Enger Mehl til Dagbladet.
Om ulven heiter det i Artsdatabanken: «Arten er vurdert til kritisk truga CR for Norsk raudliste for artar 2021. Kategorien kjem av svært liten populasjonsstorleik eller svært begrensa areal».
Vil intensivere arbeidet
Dagens regjering seier dei vil sikra naturmangfaldet gjennom ein kombinasjon av eit godt nasjonalt regelverk og god og langsiktig lokal forvaltning.
– Regjeringa har i Hurdalsplattformen slått fast at vi vil intensivere arbeidet med å redda truga norske artar og naturtypar. Vi vil òg etablera ein meny av ulike tiltak som hjelper til å oppretthalda eit mangfald av økosystem i god økologisk tilstand. Og vi vil laga gode metodar for korleis ein fører naturrekneskap, seier Aleksander Øren Heen.
Miljøforvaltninga arbeider mellom anna med eit prosjekt for truga natur, som inneber sektorvise tiltak for eit utval truga artar og naturtypar. Målet i truga natur-prosjektet er at artane skal betrast med ein raudlistekategori innan 2035. I tillegg blir det arbeidd med ei ny naturkartlegging, der ein tek i bruk eit nytt fagsystem for å måle økologisk tilstand der ein identifiserer kva slags natur som treng naudhjelp.