Kronikkforfattar Jørund Kvaale Hansen. Foto: Privat.
- Annonse -

(KRONIKK) Ei krise som også vil påverke Noreg. Samstundes vel dei store avisene heller å skrive om influensarar som står fram og fortel at dei har underlivssopp. Eller kven som var inni grisen i Maskorama.

Eg har opp gjennom åra skrive ein del FB-innlegg der eg har prøvd å sette litt fokus på matsikkerhet. Og sårbarheten med å belage seg for mykje på global matvarehandel. Eg valde for eit lite år sida å roe ned litt rundt dette emnet. Ikkje avdi eg er vorte mindre bekymra, men avdi eg ikkje gadd å framstå som ein fanatisk dommedagsprofet.

Men no hender det så mykje dramatisk i den globale matvaremarknaden at eg ikkje evner å halde kjeften lenger. Eg har prøvd å fatte meg i korthet, men feila. Så eg får begynne innlegget mitt med litt avslappande fun facts om ymse sårbare faktorar rundt korleis du får maten din på bordet. Så kjem faktorane som no eskalerer dette til ein shitstorm litt lengre ut i teksten.

Global matvareproduksjon har med åra vorte sentralisert i nokre få regionar, og basert seg meir på eksport frå desse områda. Før var tørke og uår i ein region eit lokalt problem. No slår det ut meir internasjonalt. For oss nordmenn slår dette som regel berre ut som småirriterande prisauker, men andre stader er resultatet svolt og underernæring. Mange av desse produksjonane baserer seg på kunstige og eksterne innsatsmidlar. Som til dømes kunstig vatning frå fossile grunnvasskjelder og tilførsel av vatn frå andre regionar gjennom menneskeskapte kanalar.

Og det er sårbart. Dei har til dømes slite med vassforsyningane i Central Valley i USA i fleire år. I år vart dei ramma av tidenes tørke. Og ikkje nok vatn frå kunstige kjelder. Med resultatet at store deler av avlingane visna bort. Dette slår så klart ut, når ein veit at 50 % av USA sin frukt og grøntproduksjon ligg nettopp her. Sør-Amerika vart også ramma av tørr vekstsesong, noko som ramma produksjonen av storfekjøt. Noreg importerer storfekjøt herifrå og omlag 700 000 tonn soya i året til dyre- og laksefor. I staden for å dyrke proteinet sjølv. Eit lite fun fact til dette: Noreg har sidan 2007 betalt 8,3 milliardar til Brasil for å hindre avskoging, samstundes som me importerer frå eit landbruk som bidreg til at Brasil rydder 7 500 kvadratkilometer med regnskog i året for å gi plass til endå meir matproduskjon. Lurt.

Det er kun 10- 15 % av verdas matvareproduksjon som går til eksport/import. Resten treng dei ulike eksportlanda til eiga befolking. Då seier det seg sjølv at det skal ikkje så mykje avlingsvikt til rundt om i dei sentrale jordbruksområda før desse 10 -15 prosentane blir kraftig redusert. Eller heilt borte. Eksempelvis vart nokre av desse områda ramma av reduserte avlinger grunna tørke i 2009, noko som sendte over 100 millionar menneske ut i matmangel. Her på berget merka me det knapt.

Den beste indikatoren for korleis det står til på eksport/import- marknaden er å sjå på dei globale matvareprisane. God tilgong gir låge prisar. Prisane har hoppa opp meir enn 30 % på få månader. Og dette er truleg berre begynnelsen.

Med andre ord klarer me berre å produsere mat til omlag halve verdas befolkning utan kunstgjødsel. Og no får me ikkje tak i kunstgjødsel.

Det eg har vore innom no er forsåvidt ikkje noko nytt. Kollaps av sentraliserte ikkje-berekraftige matvareproduksjoner var mellom anna eit stort tema då eg studerte Natur, Samfunn og Miljø på HIST for 20 år sida. Men eg er langt frå ferdig. Det blir sjølvsagt verre. Me står no ovanfor nokre geopolitiske faktorer som verkeleg eskalerer denne problematikken. Det handler om Kina, kornmarknaden og aller mest om kunstgjødsel.

Lat oss starte med matkornet. Trass i at det vart tåleg greie kornavlingar rundt om på kloden i år, og kornlagra er store, har kornprisen gått drastisk opp. Omlag 35 % på kort tid. Kvifor det? Årsaken er mellom anna at nesten 50 % av verdas lagerbehaldning av kveite har hamna på lager i Kina. Og 70 % av maisen. Samstundes reiser 70 % av alle soyabønner som omsettast på verdsmarknaden til Kina. Eit land som huser «berre» 20 % av verdas befolkning. Men dei kødder det også til med å hindre eigen eksport. Kina har stoppa eksporten av viktige innsatsfaktorer til kunstgjødselproduksjon. Mellom anna fosfor. Så der forsvann 30 % av den globale fosformarknaden.

Medan me i Noreg belager oss på import frå eit potensielt ustabilt verdsmarked, stoler kinesarane mest mogleg på seg sjølve. Det er ingenting kynisk i det. Å sikre mat til folket er ei av dei viktigaste oppgåvene ein nasjon har. Russland er verdas største korneksportør. I 2020 leverte dei omlag 18 % av den internasjonale kornbørsen. Dei har fleire gonger stoppa eksporten. Og dei gjorde det att no i 2021. Me skal vere glade om dei berre stopper eksporten.

Er det fleire enn meg som stusser når ein ser korleis Russland gneg seg innover Ukraina, og ledsagaren deira Belarus eskalerer ei grensekonflikt mot Polen? Polen og Ukraina huser nemleg dei største kornproduksjonane i Europa.

Men nok bagateller, me må over til det mest dramatiske momentet. For no treff driten verkeleg vifta. Grunna høge energiprisar, mellom anna på gass, har industrien som produserer urea vore nedstengt i fleire månader. Og ettersom ein treng urea for å produsere kunstgjødsel, har kunstgjødselproduksjonen også vore stengt ned i fleire månader. Kjelder i Yara melder at om så desse fabrikkane startar opp att i morgon, (noko dei forøvrig ikkje gjer), vil dei likevel ikkje klare å produsere verdas behov for kunstgjødsel etter så lang nedstenging.

For å få fram dramatikken i dette: I 2015 vart det estimert at 48 % av verdas befolking er i live takka vere kunstgjødsel. No i 2022 er nok talet endå høgare. Med andre ord klarer me berre å produsere mat til omlag halve verdas befolkning utan kunstgjødsel. Og no får me ikkje tak i kunstgjødsel. Korleis vil dette slå ut for nasjonen Noreg? For norsk matproduksjon? Nett no får verken eg eller nokon andre bønder kaupt den kunstgjødsla me treng. Men det er kanskje like greit, for me har ikkje råd til å kaupe den likevel. Før kunstgjødselfabrikkane stengte ned i haust, steig prisen på kunstgjødsel med 100 % på 3 månader. Bollestad gav oss bønder 600 millionar kroner for å dekke kostnadsaukene dette året. Den reelle kostnadsauken er antatt å ligge på omlag 6 milliarder … and rising. For meg som har 60 ammekyr tilsvarer kunstgjødselprisen aleine ei kostnadsauke på minst 150 000kr. For storgardane på Austlandet som produserer matkornet vårt passerer kostnadsauken fort millionen.

Det er svært få, om nokon, av Noregs bønder som har likviditet til å ta slik ein ekstrakostnad på sparket. Meg sjølv inkludert. Mange slit allereie med å få reikneskapen til å gå opp. Me skal forsåvidt forhandle med staten om å få dekka kostnadsauka i mai, men då har toget gått for dei fleste. Kunstgjødsla må bestillast, transporterast og spreiast på jordene lenge før den tid. Når me ikkje veit kor mykje me får, og når me eventuelt får det, tør me ikkje risikere at konkursen blir eit faktum.

Så me må tilpasse oss på andre vis. Me som produserer gras vil ikkje ha lønsemd i å gjødsle optimalt. Me må redusere kunstgjødsla betraktelig då smertepunktet for kost-nytte har endra seg drastisk. Resultatet blir avlingsreduksjon. Utan nok rundballar må me redusere på dyretalet. Noko kan ein kanskje kompensere med kraftfor. Men det er i hovudsak laga av korn, og med kornprisar ute av kontroll blir fort dette også for kostbart.

Endå verre er det for norsk matkornproduksjon. Dei som gir oss vårt daglege brød. For å produsere god matkveite krevst det god gjødsling. Det har mange allereie gitt opp. No bestiller ikkje kveitebøndene på austlandet såfrø av kveite for vårens sesong. Dei går over på andre korntyper som kan gi greie resultat utan for mykje kunstgjødsel. Resultatet blir sjølvsagt ein kraftig reduksjon i norsk kveiteproduksjon i 2022, samt reduksjon i norsk kjøtproduksjon og norsk mjølkeproduksjon. Og så bortetter. Så kan du sjølv ta ei kjapp vurdering kor lurt dette er, om du set det opp mot det eg skreiv innleiingsvis. Og at bøndene i USA, Brasil og Afrika kjem til å gjere det same som oss. Dei har heller ikkje hundretusenar eller millionar slengande i nattbordskuffen.

Dei få norske bøndene som er att har ikkje sjans til å produsere det me treng. Dei siste 10 åra har over 8 000 gardsbruk blitt avvikla i Noreg. Me klarer ikkje lenger produsere meir enn 35-40 % av maten me treng. I eit normalår! I 2009 gav ei moderat prisauke på kunstgjødsel eit kraftig dropp i sjølvforsyningsgraden, og eg veddar mor mi på at droppet blir mykje større i 2022. Så skal me då belage oss på over 60 % import frå ein verdsmarknad der alle bøndene og landa er i same situasjon som oss.

Dei har ikkje tilgong eller råd til kunstgjødsel, og må redusere avlingane. Ein verdsmarknad der kun 10-15 % av maten er tilgjengeleg i eit normalår. Ein verdsmarknad der land etter land vil stenge eksporten og slite med å få nok mat til sine eigne. Ein verdsmarknad der fleire hundre milionar, kanskje milliardar av menneske vil oppleve matmangel.

Dei få norske bøndene som er att har ikkje sjans til å produsere det me treng. Dei siste 10 åra har over 8 000 gardsbruk blitt avvikla i Noreg.

Me dreit oss ut med pandemien. Me var ikkje førebudd i det heile. Men det tek nokre månader å mangedoble produksjonen av smittevernutstyr. Ei større auke norsk matproduksjon tek tiår. Men me har kanskje beredskapslager av korn slik som Kina? Neidå. Det har me ikkje. Noregs beredskapslager av korn vart avvikla av Bollestad og Erna når dei styrte sjappa. Bollestad uttalte at det var unødvendig med beredskapslager, då me ganske så sikkert kunne handle det me trengte frå verdsmarknaden. Og me hugser alle Ernas «Marie Antoinette-utsagn» at me i verste fall måtte klare oss med litt mindre godteri og slikkerier i ei matvarekrise. Dei einaste som protesterte då var oss bønder. Sjølv om kornet ikkje var meint som sikkerhet for oss, men for det norske folk.

Me kan jo satse på at me kan importere noko mat frå nokre land som svelt, så lenge me slenger nok oljepenger på bordet. Eg kan til dømes no bestille jordbruksvarer frå Madaskar på internett her eg sit. Samstundes som ein million av befolkinga der nede nett no står i fare for underernæring grunna tørke. Eg tippar dei tregar på at dei ikkje lagra litt korn og bønner dei åra dei hadde gode avlinger.

Men kva er så løysninga på denne potensielle krisa?

Ei krise som vil kunne få statistikken på coronadødsfall til å blekne?

Eit alternativ er at landets leiarar inviterer til ei ekstraordinær tilleggsforhandling på kostnadsauken seinast i mars. Kun på dette viset vil Noregs bønder få nok føreseielegheit og økonomisk tryggleik til å kunne brette opp ermane og å legge til rette for størst mogleg matproduksjon i komande vekstsesong. Me får neppe til noko større auke av produksjonen på berre ein sesong, men me kan sikre at den ikkje går kraftig ned.

Eit anna alternativ er at me held oss for øyrene, knip augene og rumpeballane hardt ihop og satser på at det går seg til. At me avfeier bønder som roper varsko, og finn nokre forklaringer på korleis det eg no har vore igjennom skal gå knirkefritt. Eg vil tippe du som lesar no enten sit med ein ørliten grad av bekymring. Eller så tenkjer du nok at han derre Jørund og dei andre bøndene som no prøver å blåse i varselfløyta berre er nokre konspirerande dommedagsprofetar.

Tida vil vise. Og eg håper verkeleg at eg tek grundig feil. Nei, me får gå tilbake og slappe av med tabloidavisene. VG har ei toppsak om korleis ein urolog kan hjelpe oss med ereksjonen ser eg. Og forresten – det eg har skrive om her er det skrive opp og ned om i bøndenes fagblad og på bøndenes nettforum og i internasjonale landbruksmedier.

Men denslags er det jo berre vi bønder som les, så då er me jo like langt. Folk blir jo berre provoserte når me kvart år prøver å advare mot dette i samband med det årlege jordbruksoppgjeret.


Kronikkforfattar Jørund Kvaale Hansen er bonde i Bygland i Agder. Han driv mellom anna med utegåande gris. Innlegget vart fyrst publisert på hans Facebook-side, og er republisert på Naturpress med godkjenning.

- Annonse -