To kommunar utmerkjer seg: Vil ha mest midlar frå Klimasats

Ill.foto: Pixabay.

I år har det kome inn 301 søknadar frå kommunar som vil kutte utslepp av klimagassar. Det er søkt om i overkant av 403 millionar kroner.

– Det er svært positivt å sjå at mange kommunar ynskjer støtte til å setje i gang klimatiltak. Kommunane speler ei viktig rolle som samfunnsutviklar og bidrar både til omstilling og utsleppskutt lokalt, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide i ei pressemelding frå MD.

Klimatiltak innanfor bygg og byggeplassar, klimavenleg areal- og transportplanlegging, samt ulike sirkulære tiltak er populært i søkjarbunken, opplyser Miljødirektoratet, som forvaltar ordninga.

I år har to kommunar skilt seg ut med ekstra Klimasats-iver. Bergen kommune har åleine søkt om cirka 34 millionar kroner fordelt på 15 søknadar. Bærum kommune har òg søkt om 34 millionar kroner, men fordelt på bare fire søknadar.

Vil du vite om det er kome søknader frå din kommune? Oversikten er her.

1 600 prosjekt har fått støtte

Støtteordninga Klimasats er for kommunar og fylkeskommunar som vil redusere utslepp av klimagassar og bidra til omstilling i lågutsleppssamfunnet.

– Klimasats bidreg til at lokalsamfunna løftar- og vidareutviklar klimaarbeidet. Det er viktig at kommunane og fylkeskommunane styrkar rolla som pådrivarar for klimaarbeid og legg til rette for samarbeid på klimaområdet mellom ulike aktørar, seier Ellen Hambro, direktør for Miljødirektoratet.

Miljødirektoratet har støtta nesten 1600 prosjekt sidan ordninga starta i 2016. Klimasats har støtta kommunar som vil kutte utslepp med meir enn éin milliard kroner.

– Faktum er at vi lev i ei verd der Noreg og alle andre land skal til nesten null utslepp av klimagassar. Di fleire som bidreg aktivt, di raskare kjem vi dit. Kommunar og fylkeskommunar i Noreg har vist at dei kan gje store og viktige bidreg i dette arbeidet, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Det er i tillegg sett av 40 millionar kroner til å støtte hurtigbåtar i fylkeskommunale samband. Søknadsfristen for hurtigbåtprogrammet vil bli annonsert seinare.

Nye kommunar er med

I søkjarbunken er det kome seks kommunenamn som ikkje har vore der tidlegare. Det er kommunane Hol i Viken, Grane, Røst og Værøy i Nordland, og Båtsfjord og Dyrøy i Troms og Finnmark. Det har kome søknader frå alle fylka.

Totalt har alle dei norske kommunane søkt om 403,7 millionar kroner.

Søknadane vert behandla fram mot sommaren. Miljødirektoratet gjev tilsegn fortløpande. Oversikt over alle kommunar som har fått støtte vil bli annonsert i juni.

Fylkesvis fordeling med samla søkesum og talet på søknadar til Klimasats for 2022

Med atterhald om eventuelle feil.

  • Agder: cirka 22 millionar kroner – 22 søknadar
  • Innlandet: cirka 24 millionar kroner – 26 søknadar
  • Møre og Romsdal: cirka 8 millionar kroner – 20 søknadar
  • Nordland: cirka 23 millionar kroner – 28 søknadar
  • Oslo: cirka 16 millionar kroner – 11 søknadar
  • Rogaland: cirka 66 millionar kroner – 36 søknadar
  • Troms og Finnmark: cirka 27 millionar kroner – 17 søknadar
  • Trøndelag: cirka 46 millionar kroner – 23 søknadar
  • Vestfold og Telemark: cirka 18 millionar kroner – 24 søknadar
  • Vestland: cirka 59 millionar kroner – 33 søknadar
  • Viken: cirka 90 millionar kroner – 58 søknader

Faktaboks: Dei 301 Klimasats-søknadane inneheld blant anna følgjande klimatiltak

  • Klimavenleg areal- og transportplanlegging
  • Systematisk arbeid med klimakrav i anskaffingar/innkjøp
  • Meirkostnadar for klimavenlege alternativ i anskaffingar
  • Utsleppsfrie og biogassdrivne maskinar og køyretøy
  • Klimavenlege bygg og anlegg
  • Kartlegge moglege klimatiltak i bygge- og anleggsarbeid
  • Mange typar transporttiltak
  • Forprosjekt for klimagassreduserande tiltak
  • Interkommunale klimanettverk

Fleire søknadsfristar i 2022

Søknadsfristen for dei fleste prosjekttypane var 15. februar 2022. For følgjande prosjekt er det òg mogleg å søkje innan 15. september:

  • Meirkostnadar for klimatiltak i konkrete anskaffingar
  • Kartlegging av moglege klimatiltak tidleg i bygg- og anleggsprosjekt

Faktaboks: Fakta om Klimasats

  • Støtteordning for klimatiltak i kommunane, oppretta i 2016.
  • Støtte skal bidra til reduserte klimagassutslepp og omstilling til lågutsleppssamfunnet.
  • Støtta skal vere utløysande for at tiltaka vert gjennomført, og kommunen må ha eigeninnsats.
  • Kommunar, fylkeskommunar og enkelte kommunale føretak kan søkje om tilskot, samane eller kvar for seg.
  • Klimasats støtter ikkje klimatilpassingstiltak. Miljødirektoratet har ei eiga tilskotsordning for kunnskap om tilpassing.
- Annonse -
Vil du annonsere her?