Bussdepotet Mannsverk i Bergen (Foto: Skyss).
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Tiltakshavar Hordaland fylkeskommune reknar med å kjøpe inn om lag 80 elektrisk drevne bussar som skal køyre minst 3,5 millionar kilometer årleg.

Bussane blir sett i trafikk i desember 2020.

– Dette er ei offensiv satsing på grønt skifte og miljøvenleg transport. Då vi handsama det nye bussanbodet, løfta vi miljøprofilen betydeleg, som eit naturleg framhald av fergeanboda. For dei styrande partia i Hordaland er dette svært viktig, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei pressemelding.

Midlane frå Enova skal nyttast til å etablere rundt 80 ladepunkt og opptil 8 pantografar for hurtiglading på bussdepotet på Mannsverk.

Pantograf er ein type straumavtakar på taket av elektrisk rullande materiell for å gje elektrisk kontakt med straumførande luftledning.

Ill.foto: Skyss/Morten Wanvik.

Kan vere størst i Norden

Administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova meiner at prosjektet truleg er det største enkeltinnkjøpet av elektriske bussar i Norden til no.

– Det finst rundt 16 000 bussar i Noreg i dag, og svært få av dei er elektriske. For å få til eit skifte er det viktig at nokon går føre og prøver ut elbussar i stor skala og viser at dette fungerer i praksis. Her kan Bergen bli eit nasjonalt utstillingsvindauge, seier Nakstad.

Eit fylke som satsar elektrisk

– At Hordaland no får støtte til elektriske bussar vil vere eit stort løft i arbeidet for å betre lokal luftkvalitet, styrke kollektivtilbodet og samstundes få ned klimagassutsleppa. Hordaland fylkeskommune har verkeleg gått i bresjen for elektrisk transport, både på sjø og land, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Hordaland fylkeskommune har også investert i elektriske ferjer og moderne trolleybussar.


 

- Annonse -