I Vestland, Innlandet og Trøndelag: Nye 26 km2 skog får vern

Regjeringa har vedteke å verne omlag 25,8 km2 med skog, melder Klima- og miljødepartementet.

Heile arealet kjem inn under ordninga med frivillig vern.

Av dei 25,8 kvadratkilometrane er 18,3 km2 produktiv skog. 9 av områda er nye naturreservat, mens 6 av områda er utvidingar av eksisterande naturreservat. Områda består av blant anna ulike typar barskog, slik som gran- og furuskog, fleire område med bekkekløfter og ulike lauvskogstypar.

– Områda vi vernar i dag vil bidra i arbeidet med å nå dei nasjonale måla for naturmangfald, målet om vern av 10 prosent av skogarealet og internasjonale mål vi har forplikta oss til, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Annonse

Områdas verneverdi vert omtalt som høg fordi dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med stort biologisk mangfald.

Noreg har verna omtrent 5,1 prosent av norsk skogareal og 3,9 prosent av den produktive skogen.