Ledige stillinger
Ledige stillinger

Hardangerfjorden er ennå frisk, men nå ser forskarane ei endring

Overvakinga av verdas femte største fjord syner at fleire piler peikar i feil retning. Både akvakulturen og klimaendringar skapar problem.

Del denne artikkelen:
- Annonse -
Overgjødsling er eit problem som ikkje bare Oslofjorden slit med. Nå kjem eit varsku for den 18 mil lange Hardangerfjorden.

Når eit vassdrag vert tilført meir organisk næringsstoff enn naturen kan bryte ned og handtere, dannar det seg meir planteplankton enn vanleg. Dersom auken i planteplanktonproduksjonen er på meir enn 50 % kallas det for eutrofiering.

Eutrofiering har nå oppstått i Hardangerfjorden, slår Statsforvaltaren i Vestland fast. Det inneber at mengda av eincella alger aukar, men det gjer òg tang, tare og andre vekster i strandsona.

Statsforvaltaren skriv rett nok at Hardangerfjorden per i dag er i særs god tilstand, men det er registrert ein nedadgåande trend.

Djupe fjordar – mindre vassfornying

Det er ikkje næringssalt frå landbrukssektoren som forverrar tilhøva mest i Hardangerfjorden. I det som var gamle Hordaland fylke bidreg akvakulturen med 59 prosent av samla tilførsel av nitrogen, ifølgje ein rapport frå Miljødirektoratet.

I dei djupe fjordane på vestlandet er det mindre utskifting og fornying av botnvatnet. Dette gjer at dei er mindre eigna til å handtere næringssalter og organisk materiale som krev oksygenopptak, ifølgje Statsforvaltaren.

Nedgangen i oksygennivået har ein ikkje sett i Hardangerfjorden tidlegare. Statsforvaltaren skriv at det er mykje som tilseier at nedgangen i oksygenmetning er ei følgje av klimaendringane.

- Annonse -

Utviklinga vi no ser, må vi ta med i alle våre vurderingar når vi handsamer søknadar om nye utslepp, skriv Statsforvaltaren.


- Annonse -
Del denne artikkelen:

Lignende artikler

FØLG

2,065FansLik
732FølgereSosiale medier
1,652FølgereSosiale medier
- Annonse -

SISTE NYTT