Furuneset. Nibio.
Litt nord for utløpet av Sognefjorden, ligg NIBIO Fureneset. Foto: Hege Ulfeng.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Ute ved kysten, litt nord for utløpet av Sognefjorden, ligg NIBIO Fureneset. Her jobbar eit lite, men viktig forskingsmiljø med problemstillingar som har stor betydning for Vestlandsbonden.

Forsøksstasjonen blei oppretta i 1938. Hovudoppgåvene var knytte til jord- og plantekultur i grasdyrkingsområda på Vestlandet, med milde vintrar, mykje nedbør og mykje vind.

Synnøve Rivedal er forskar og stasjonsleiar ved NIBIO Fureneset. Ho fortel at nedbørsmengda har auka betydeleg sidan forsøksstasjonen blei oppretta, spesielt etter 1990.

– Gjennomsnittleg årsnedbør her ved forsøksstasjonen har allereie auka frå 2000 millimeter per år i perioden 1961-1990 til 2300 millimeter per år i perioden 1991-2020. Køyrer du litt sørover eller innover i landet, kan det kome både tre- og fire tusen millimeter nedbør i året! Det vil seia tre til fire meter vatn på kvar einaste kvadratmeter. Til samanlikning har Oslo ein årsnedbør på ca. 750 millimeter eller 0,75 meter, fortel Rivedal som sjølv er bonde og kjenner utfordringane i praksis.

– Nesten alt vi jobbar med på Fureneset har noko med klimatilpassing å gjere. Vi trur at forskinga vi utfører her vil få meir og meir betydning i andre landsdelar sidan nedbørsmengdene aukar der også, held ho fram.

Klimaendringar forstyrrar vintersøvnen til graset

98 % av jordbruksarealet i Vestland fylke blir brukt til eng og beite. Det er lett å tenkje at gras veks uansett, og det er sant at mange grasartar kan vekse der det ikkje er så lett å dyrke noko anna. Likevel slit også graset med å tilpasse seg eit varmare og våtare klima. Liv Østrem har jobba med sortsutvikling, grasforsking og sortsutprøving ved Fureneset i over førti år. No er ho pensjonist. Østrem fortel at klimaendringane forstyrrar vintersøvnen til graset.

– Høgare temperaturar haust og vinter og meir nedbør om hausten skaper utfordringar for dei kjende grasartane våre, fortel den tidlegare forskaren.

– Det er kombinasjonen av kulde og lite lys som styrer når graset avsluttar veksten om hausten og blir herda for overvintring. Når det blir mildare, veks graset lengre utover hausten og dermed får det dårlegare lysforhold under vinterherdinga. Det svekkjer plantane.

– Mykje nedbør om hausten gjer også at grasplantane blir dårlegare førebudde på vinteren enn før. Vått haust- og vintervêr kan skada graset like mykje som kraftig kulde og frost. Det kan føre til at plantane rett og slett døyr ut, eller at dei blir meir mottakelege for sjukdommar, held ho fram.

Grassortar for Vestlandsklima

Fram til år 2000 hadde NIBIO Fureneset ansvar for sortsutvikling av engvekstar tilpassa klimaet på Vestlandet. Då blei sortsutviklingsarbeidet overført til Graminor, men Fureneset er framleis Noregs vestlege utprøvingsstasjon for nye grassortar frå både inn- og utland.

– Betydninga av dette må flaggast høgt. Det er veldig viktig, understrekar Østrem.

– Sortane må testast under mange ulike klimatiske forhold. Då først ser ein kva sortar som er gode nok for forholda vi har her i Vestland fylke. Vekstforholda forandrar seg så raskt no at desse testane er viktigare enn nokon gong før.

– I dei førti åra eg har jobba med dette har utviklinga gått frå to slåttar med timotei som hovudsort til tre slåttar med meir samansette frøblandinger. Vi må ha sortar som fyller vekstrommet i ein lengre vekstsesong samtidig som dei toler påkjenningane, avsluttar Østrem.

FAKTA

NIBIO FURENESET

Fureneset ligg på Fure i Ytre Fjaler, litt nord for utløpet av Sognefjorden. Ein er såleis plassert i eit maritimt klima, med stor årleg nedbør og heller milde og våte vintrar.

Klimatiske hovudtrekk er at vår og forsommar har minst nedbør, og haust og førjulsvinter mest nedbør. 

Årsnedbør normal (1961-1990): 2010 mm

Temperatursum 5 °C (døgngrader): 1129

Det har vore auke i årsnedbør normal i høve til berekna normal frå perioden 1931-1960. Berekning av nedbørsnormal med grunnlag i åra etter 1990 tyder på framleis auke i årsnedbør og temperatur.

Denne artikkelen vart fyrst publisert på Nibios nettsider.


- Annonse -