Geirangerfjorden (Foto: Pixabay).
- Annonse -

Dei nye reglane som gjeld frå 1. mars er utarbeidd av Sjøfartsdirektoratet på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.

Det blir gradvis strengare krav til utslepp av NOx og det blir strengare regulering av bruk av eksosvaskesystem. Det kjem også krav om ein miljøinstruks for kvart enkelt skip og forbod mot forbrenning av avfall om bord, og dei nye reglane skal redusere utsleppa av kloakk og gråvatn frå skip. Utslepp av svovel skal følgja internasjonale krav i alle verdsarvfjordane. For skip som er verna eller freda av Riksantikvaren, er det høve til å søkje om  dispensasjon frå enkelte føresegner, opplyser Sjøfartsdirektoratet.

Ventar mindre utslepp allereie i sommar 

Ein ventar at dei nye krava vil føra til ein reduksjon av utsleppa allereie frå sommaren 2019. I åra som følgjer vert krava gradvis strengare, og ein ventar at utsleppa minkar endå meir.

Ifølgje avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet er dei nye krava basert på internasjonale krav som cruisenæringa er godt kjend med frå før.

– Det spesielle er at me gjer krava gjeldande for skip uavhengig av når dei er bygde, seier Pedersen.

Direktoratet skal utføre utsleppsmålingar og inspeksjonar om bord på fartøya som trafikkerar fjordane. Samstundes startar direktoratet no opp eit arbeid for å vurdera liknande tiltak mot utslepp frå skip andre stadar i Noreg.

Noreg er forplikta til å sikre Vestnorsk fjordlandskap

I 2005 vart Vestnorsk fjordlandskap skrive inn på Unescos si verdsarvliste. Fjordområda rundt Geirangerfjorden og Nærøyfjorden ligg 120 kilometer frå kvarandre og er, geologisk sett, døme på klassiske fjordlandskap. Dei syner korleis landskapet har utvikla seg frå den siste istida fram til no. Noreg har forplikta seg til å sikra at verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap ikkje vert utsett for skade eller påverknad som trugar dei framståande universelle verdiane som gav dei plass på verdsarvlista.

Verdsarvområda skal ha høg status i Noreg, slår Sjøfartsdirektoratet fast.


 

- Annonse -