Parti frå Lårdalsåi. Foto: Kjetil Aasmundsson.
- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

NVE har sendt eit brev datert 11. november der dei avslår søknaden frå Vest-Telemark Kraftlag om forlenga byggefrist for Lårdal Kraftverk.

For Lårdalsåi i Tokke ligg det føre konsesjon for regulering, men prosessen er satt på vent. Eit fleirtal i kommunestyret i Tokke (Telemark og Vestfold) ynskjer å stogge prosjektet, og NVE har fått saka attende.

Lårdalsåi er i dag einaste attverande større uregulerte vassdrag i Tokke kommune, som er ein av dei store vassdragskommunane i landet. Utnyttingsgraden i kommunen ligg i dag ein stad mellom 93 og 98 prosent.

Eit politisk samarbeid mellom Senterpartiet og MDG – med fleirtal i kommunestyret bak seg – går inn for å stogge utbyggingsplanane som ligg føre.

Naturvernforbundet skipa vassdragstreff med NVE og VTK til stades

Avslagsbrevet frå NVE vert omtala og delvis attgjeve av lokalpolitikar og varaordførar i Tokke, Benedikte Nes (MDG), på Facebook i dag. I brevet skriv NVE mellom anna at dei legg vekt på naturverdiane som vart registrert av BioFokus tidlegare i år.

I september i år heldt Naturvernforbundet sitt vassdragstreff på Dalen, og hadde Lårdalsåi som tema over eit todagars program. Rapporten frå BioFokus var sentral på dette treffet, der også NVE var til stades, saman med mellom anna VTK.


LES OGSÅ:


Det heiter vidare i brevet frå NVE at «metodikken for å skille ut verdifulle fosseberglokaliteter har blitt vesentlig forbedret» samanlikna med handboka som låg til grunn ved undersøkinga i 2013.

NVE: «Lokalitet av høy verdi»

NVEs konklusjon er, med påfølgende vedtak: «Vi er derfor ikke i tvil om at lokaliteten er av svært høy verdi», og (vedtak) «NVE mener det foreligger tungtveiende hensyn som tilsier at søknaden om forlenget byggefrist for Lårdal kraftverk bør avslås. I medhold av vannressursloven §§ 27 og 19 annet ledd, samt vassdragsreguleringsloven | 15, avslås søknaden om forlenget byggefrist».

VTK har tre vekers klagefrist på vedtaket.

NVE har gjeve forlenga frist for utbygging av nedre del av Lårdalsåi, med grunngjeving om naturverdiane her er vurdert lågare, og i større grad prega av tidlegare industri og anna bruk.


- Annonse -