- Annonse -
FIVH søker fundraisere

Villmarka krymper

Det er kanskje lett å tenke at landet vårt har mykje vill og intakt natur. Men er det verkeleg slik? Om vi ser på utviklinga over tid, kan ein lett bli overraska over kor lite vill og intakt natur som er att. 

imageaw2y.png

Nedbygginga av norsk natur går føre seg i eit høgt tempo. Sidan starten av 1900-tallet har villmarka i Noreg blitt redusert med 80 %. I Sør-Noreg er det no berre 5 % inngrepsfri natur igjen. Den største reduksjonen av store samanhengande naturområde fram til førre utrekning i 2018 var i Sogn og Fjordane (i tillegg til Trøndelag og Nordland). 

FN sitt naturpanel åtvarar om at dersom nedbygginga av natur fortset vil all verdas villmark vere borte om femti år. Det er summen av all nedbygging bit for bit som til dømes vegbygging, kraftforsyning, skogbruk og busetnad/hyttebygging, med fleire som bidreg til reduksjon av intakte naturområde. 

Annonse

Færre smågnagarar i fjellheimen bekymrar

Vi har ikkje dokumentasjon som tilseier at den økologiske tilstanden har endra seg mykje dei siste åra, men ofte er det stor brist på faktisk kunnskap på dette feltet. Vi registrerer i ein nasjonal forskingsrapport at den økologiske tilstanden i den norske fjellheimen vert rekna som så vidt tilfredsstillande. Vi kjenner oss ikkje heilt att i dette. Dei siste tiåra har det vorte langt færre smågnagarar i fjellheimen, som til dømes på Hardangervidda, med store negative følgjer for økosystema som er avhengige av denne ressursen. Inntrykket er også at viktige insektartar i fjellet har gått sterkt tilbake, og dermed vert andre økosystem og fuglesamfunn skadelidande.

Den viktigaste årsaka til sterk tilbakegang av pollinerande insekt er menneskeleg påverknad på naturen

– Alt heng saman med alt, sa Gro Harlem Brundtland. Det gjeld i høgste grad i økosystema våre. Pollinerande insekt er i sterk tilbakegang i verda, både når ein ser på tal artar og på tal individ. Forskarane er einige om at den viktigaste årsaka til tilbakegangen hos pollinerande insekt er menneskeleg påverknad på naturen.

Ville pollinerande insekt er avgjerande for at samspelet i økosystema våre fungerer. Vår matforsyning er heilt avhengig av dei små insekta, slik som denne humla her som bidreg til haustens epleproduksjon.
Ville pollinerande insekt er avgjerande for at samspelet i økosystema våre fungerer. Vår matforsyning er heilt avhengig av dei små insekta, slik som denne humla her som bidreg til haustens epleproduksjon. Foto: Maria Knagenhjelm.

Vi treng eit stort mangfald av insekt for å kunne produsere mat. Insekta er også viktig mat for fugl. Gamle tre med hengelav, der insekt legg egg og overvintrar som larver, er til dømes veldig viktig for at overvintrande fugl finn mat i vinterskogen. Ein kulturskog eller einsaldra raskt veksande planta skog blir sjeldan eldre enn 60-70 år, og rekk ikkje å utvikle så mykje lav. Difor veks lav best i gamalskog, fuglane trivst best i gamalskog, og det er der det også er flest truga artar.

Vi har den mest varierte naturen i Norden

Vestland har større spenn i naturtypar enn dei fleste andre fylke. I Vestland rommar naturen 22 vegetasjonsgeografiske område. Til samanlikning har Sverige 17 og Danmark har 2. I landet vårt finner vi både Europas sydligste forekomst av arktisk natur og verdens nordligste edelløvskoger og furuskoger. I vestlandsnaturen gjenspeiles disse kontrastene ved at løvskog og isbreer opptrer side om side. Norge har også noen av Europas høyeste fossefall. Norge har også en unik, og ikke minst variert natur knyttet til havet, og det er langs kysten og på kontinentalsokkelen vi finner de mest produktive marine økosystemene (Ot.prp. nr. 52 (2008-2009)).

Vi har mykje fjell i Noreg, og fjellområda er viktige for mange spesialiserte artar. Ein nyleg publisert NINA-rapport vurderer den økologiske tilstanden i landet vårt til så vidt god. Villreinen  er likevel hamna på raudlista, og det er langt færre smågnagarar i fjellet enn tidlegare.
Vi har mykje fjell i Noreg, og fjellområda er viktige for mange spesialiserte artar. Ein nyleg publisert NINA-rapport vurderer den økologiske tilstanden i landet vårt til så vidt god. Villreinen er likevel hamna på raudlista, og det er langt færre smågnagarar i fjellet enn tidlegare. Foto: Maria Knagenhjelm.

Kommunane har den viktigaste rolla i forvaltning av natur

Med 17 % verna areal i landet vårt, blir dei resterande 83 % av landareala forvalta gjennom plan- og bygningslova. Kommunane har eit stort ansvar, ikkje berre for lokale, men også for nasjonale og internasjonale naturverdiar. Ved å utarbeide ein kommunedelplan for naturmangfald kan kommunen betre få oversikt over viktig naturmangfald i eigen kommune, slik at arealplanlegginga får fleire verktøy i det viktige arbeidet.

Det er faktisk storleiken som tel

Kva kan vi gjere for å ta vare på sårbar og truga natur her i fylket? Vern av areal etter naturmangfaldlova er det viktigaste enkelttiltaket vi kan gjere for å nå nasjonale og internasjonale mål om å ta vare på naturmangfaldet. Effekten av dette tiltaket er i realiteten liten, når så få område vert verna. I Vestland er 3,1 prosent av skogen verna til no, og dersom det går like fort framover vil vi nå det nasjonale målet om å ta vare på 10 prosent av skogen i år 2068. Innan den tid vil stadig nye og viktige skogområde ha blitt redusert, forringa og fragmentert av utbyggingar etter plan- og bygningslova og ulike aktivitetar i skogbruket.

Gamal skog i Kinn med delar av vindkraftverket på Guleslettene i Bremanger mot horisonten. Seks av ti landlevande artar i landet vårt treng skog, og særleg gamal skog, for å overleve. Difor er skogvern noko av det viktigaste vi kan jobbe med for å ta vare på mangfaldet av artar.
Gamal skog i Kinn med delar av vindkraftverket på Guleslettene i Bremanger mot horisonten. Seks av ti landlevande artar i landet vårt treng skog, og særleg gamal skog, for å overleve. Difor er skogvern noko av det viktigaste vi kan jobbe med for å ta vare på mangfaldet av artar. Foto: Jon Anders Stavang.

Mangel på midlar for å verne den viktige skogen

Frivillig skogvern er vårt fremste verktøy for å ta vare på naturmangfaldet i fylket. For å nå målet som Stortinget har sett om 10 % skogvern, må vi jobbe tett med grunneigarar og skogeigarorganisasjonane for å ta vare på den mest verdifulle naturen. 

Dei største, samanhengjande intakte naturområda i dag i landet vårt er i verna område. Nasjonalt har vi verna om lag 17 % av landarealet, og i Vestland har vi meir enn 360 verna område.

I 2021 vart tre område med eit samla totalareal på seks tusen dekar verna gjennom frivillig skogvern i Vestland. I løpet av året sluttførte vi formelle høyringsprosessar for åtte område med verneverdig skog, og tilrådde desse for vern til Miljødirektoratet.

Dei fleste av desse fekk utsett vernevedtak på grunn av manglande finansiering til erstatning til grunneigarane. Det er avgrensa økonomiske og personellressursar i fleire kritiske ledd i skogvernarbeidet, både nasjonalt og regionalt. Derfor vurderer vi effekten av tiltaket som låg og langt under det store potensialet som ligg i ordninga.

Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. På den andre sida av fjorden ligg Ålfotbreen landskapsvernområde høgt til fjells.
Grunneigar kikker ut over terrenget mellom fjord og fjell aust for Hunvika i Stad kommune. Han og tre andre i felleseiget har tilbydd området til vern som naturreservat. På den andre sida av fjorden ligg Ålfotbreen landskapsvernområde høgt til fjells. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Maria Knagenhjelm.

Skjøtsel er tid- og ressurskrevjande, men det verkar

Dei seinare åra har tiltaksposten til skjøtsel og restaurering i verneområda auka vesentleg over statsbudsjettet. Dette har gjort oss i langt betre stand enn tidlegare til å få gjort noko med dei mest alvorlege trugsmåla som kan handterast. Dette er sterkt påkravd, og svært godt teke imot av grunneigarar og kommunar.

Vi har prioritert dei viktigaste tiltaka, som på øya Silda i Kinn kommune, og i 2021 vart den økologiske tilstanden i opp under 30 verneområde betra.

Effekten er generelt god, i fleire tilfelle særs god. Men dette er tid- og ressurskrevjande arbeid, og vi merkar at det ikkje er tilfredsstillande samsvar mellom dagens tilgang på tiltaksmidlar og kapasiteten til å kunne gjennomføre tiltaka på ein god nok måte, og i ønskjeleg omfang.

Luster kommune er ein av kommunane i Vestland som er i gang med ein kommunedelplan for naturmangfald. Her er kommunen på synfaring med grunneigar, SNO og Statsforvaltaren for å mellom anna vurdere restaurering av ei slåtteeng i eit naturreservat.
Luster kommune er ein av kommunane i Vestland som er i gang med ein kommunedelplan for naturmangfald. Her er kommunen på synfaring med grunneigar, SNO og Statsforvaltaren for å mellom anna vurdere restaurering av ei slåtteeng i eit naturreservat. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/ Maria Knagenhjelm.

Nokre tiltak vil gje effekt umiddelbart, men for nokre tiltak vil effekten ikkje vise før om fleire tiår

Tiltak til fjerning av framande treslag frå verneområde er gjennomført i ni ulike verneområde i Vestland i 2021. Norsk gran i naturskog dominert av furu, og sitkagran i myrreservat, har vore prioritert.

Strakseffekten er at kjeldene til frøspreiing er eliminert. Den langsiktige effekten er at stadeigen natur får reetablert seg på areal som har vore lagt «beslag» på av andre samfunnsinteresser, men i skogområde vil det naturleg nok ta nokre tiår å oppnå denne effekten. Ein annan effekt av realisering av denne typen tiltak er at publikum vert mykje meir medvitne og engasjerte i kva utfordring ståande planteskog har på stadeigen natur. Vi registrerer særs god respons på slike tiltak, også når det gjeld utanfor etablerte verneområde.

Vi opplever særs god respons frå lokalsamfunn og grunneigarar på prosjekta våre med fjerning av framande treslag både i verna område og for å restaurere tilbake verdifulle kystlandskap. Biletet er frå Movatna naturreservat, som var tilplanta med sitkagran fram til september i fjor. No er grana fjerna på statens rekning, og den stadeigne naturen kan gradvis overta myrreservatet att.
Vi opplever særs god respons frå lokalsamfunn og grunneigarar på prosjekta våre med fjerning av framande treslag både i verna område og for å restaurere tilbake verdifulle kystlandskap. Biletet er frå Movatna naturreservat, som var tilplanta med sitkagran fram til september i fjor. No er grana fjerna på statens rekning, og den stadeigne naturen kan gradvis overta myrreservatet att. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Stein Byrkjeland.

Slett ikkje alle trugsmål mot verneområde og naturen elles kan gjerast noko med på kort sikt, som til dømes klimaendringar og næringssvikt i havet. I fylket har vi mange sjøfuglreservat utan sjøfugl fordi fuglane ikkje finn mat i havet lengre. Både fiske og klimaendringar påverkar næringstilgangen til sjøfuglane i havet. 

Tiåret for restaurering av natur

FN har peikt ut perioden 2020 til 2030 som det store naturrestaureringstiåret. Målet er å reparere og restaurere natur, slik at vi kan reversere ein del av nedbygginga og få tilbake att velfungerande økosystem.

Om lag 5,5 daa med sanddynemark på Refviksanden er restaurert etter fleire år med aukande erosjon, særleg rundt ein campingplass ved sanddynefronten. Tilstanden er vesentleg betra etter at bubilparkeringa vart flytta, informasjonsskilt kom opp og ferdsel vart kanalisert i 2021. Ny sanddynefront har etter tiltak i 2020 og 2021 bygd seg opp der det tidlegare var store erosjonsproblem.
Om lag 5,5 daa med sanddynemark på Refviksanden er restaurert etter fleire år med aukande erosjon, særleg rundt ein campingplass ved sanddynefronten. Tilstanden er vesentleg betra etter at bubilparkeringa vart flytta, informasjonsskilt kom opp og ferdsel vart kanalisert i 2021. Ny sanddynefront har etter tiltak i 2020 og 2021 bygd seg opp der det tidlegare var store erosjonsproblem. Foto: Statsforvaltaren i Vestland/Tore Larsen.

Denne artikkelen vart fyrst publisert på nettsidene til Statsforvalteren i Vestland, og er attgjeve med løyve.

- Annonse -