Vestland vil ha kandidatar til miljøpris

- Annonse -
Frontrunner Publishing - enkel og effektiv avis på nett

Vestland fylke vil honorere nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats anten det siste året eller over tid.

Prisen kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar, men prisvinnaren må kome frå Vestland og ha vist evne og vilje til å yte ein klima- og miljøinnsats ut over det vanlege, heiter det i utlysinga på fylkets heimesider.

Prisen er på 70 000 kroner.

– Vi skal bli eit nullutsleppsfylke innan 2030. Då treng vi at alle jobbar saman for å få det til. Med klima- og miljøprisen vil vi gje ei påskjønning til godt arbeid, samstundes som vi vil motivere og inspirere både prisvinnar og andre til vidare arbeid, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Alle som ønskjer kan nominere kandidatar, og nominasjonsfristen er 28. februar.

Den første klima- og miljøprisen til Vestland fylkeskommune gjekk til Bergen Havn i fjor. Då var særleg to prosjekt avgjerande for tildelinga: tilrettelegging av landstraum for skip og initiativet til miljødifferensierte hamneavgifter.


- Annonse -